Var innom 10.000 pornosider om dagen

Illustrasjonsfoto: Colourbox
Illustrasjonsfoto: Colourbox
Artikkelen fortsetter under annonsen

Japanar var innom pornosider meir enn tjue gongar i minuttet mens han var på jobb.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han kom på jobben kvar dag, men det er lite tenkjeleg at han fekk gjort så mykje, mannen som var innom pornografiske nettsider meir enn 780.000 gongar på ni månader - mens han var på jobb.

Dette blei først oppdaga då maskina hans blei infisert med virus. Hans overordna bestemte då at historikken på nettlesaren hans skulle sjekkast, noko som avslørte at den 57 år gamle mannen var innom nærmare 10.000 porno-nettsider om dagen, eller meir enn 20 nettsider kvart einaste minutt mens han satt ved pulten.

Han satte personleg rekord i juli i fjor, då han skal ha surfa etter porno meir enn 177.000 gongar i kontortida, ifølgje BBC.

Mannen skal ha unngått å bli oppdaga fordi dei tilsette ikkje hadde skrivebord ved sida av kvarandre.

57-åringen fekk ikkje sparken, men blei degradert og fekk eit kutt i lønna på 20.000 yen i månaden (om lag 982 norske kroner).

Forhåpentlegvis er han også noko meir produktiv på jobben no enn før.