Yasmina Khadra: «Svalene i Kabul» (Gyldendal 2008, 188 sider) omsett av Ellen Huse FoucherLydlause fuglar i Kabul

Den algirske forfatteren Yasmina Khadra. Foto Lise Åserud / SCANPIX
Den algirske forfatteren Yasmina Khadra. Foto Lise Åserud / SCANPIX
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sterkt om kjærleikens vanskelege kår under Talibans terror-regime.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Fakta om Yasmina Khadra

Yasmina Khadra (f. 1955) er eit psevdonym for Mohamed Moulessehoul.

Han blei innrullert som soldat som niåring. Har også bodd i Mexico og i Paris. Han debuterte i 1984 og skreiv lenge under sitt eige namn, før han av politiske grunnar valde å gå over til å bruke fornamnet til kona.

Khadra har blant anna skrive ei rekkje kriminalromanar som sel godt både i Frankrike og Italia.

I 2000 slutta han i det militære for å leve som forfattar.

«Etter attentatet», opphavleg fra 2005, var hans første bok på norsk og kom ut i 2007.


«Svalene i Kabul»er frå 2002.

Yasmina Khadra skildrar eit råtnande, sumpaktig Kabul i denne boka. Byen framstår som ein nedstøva gravplass med levande døde. Gatene er fulle av uvennlege, fattige, stygge menneske. Lemlesta tiggararar, skitne laushundar og svoltne barn trengjer seg fram, trass i piskeslag og skjellsord.

Khadras hovudprosjekt er å vise korleis talibanregimets vondskap forgiftar lufta menneska pustar inn og spreier seg lik ein pestsjukdom: «Det er som om hele verden er i ferd med å råtne, som om koldbrannen har bestemt seg for å utvikle seg herfra, fra Pasjtun, mens ørkenen sprer seg ubønnhørlig inn i menneskenes samvittighet og tenkemåte», skriv forfattaren, og det er ikkje vanskeleg å fatte at den trykkjande, gledeslause stemninga som pregar Kabul påverkar folka som må leve der.

Det handlar om den vanskelege kjærleiken, som har ekstra tøffe kår i den krigsherja byen. Vi følgjer to ektepar. Mohsen og Zuinara er begge velutdanna og tilhøyrde ein gong den velståande middelklassa, men har mista alt under dei siste åras vanstyre. Mohsen lét seg påverke av massesuggesjonen under avrettinga av ei prostituert kvinne, og kastar til sitt eige og konas store sjokk ein stein i hovudet på den stakkars kvinna, ei handling som før ville ha vore utenkjeleg for den danna Mohsen, og som markerer korleis terroren forgiftar stemninga og tankane til menneska i byen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Fengselsbetjenten Atiq og kona Musarrat er også ulukkelege. Atiq har fram til no vore trufast mot talibanstyret. Pliktoppfyllande har han vakta dei dødsdømde fangane. Men no oppplev han Kabul som eit «rottehol» og har bristande nervar. Kona hans er dødssjuk og det går innpå Atiq, noko som tydelegvis er uvanleg og han blir oppfordra til å støte ho frå seg.

Kvinner er lite verdt i Talibans Kabul. Som flagrande, fugleaktige spøkelse svevar dei lydlaust omkring, dei eksisterer ikkje andre stader enn innanfor heimen. Zuinara, som tidlegare var oppteken av kvinners rettar og hadde planar om å bli advokat, orkar ikkje den offentlege audmjukinga og vil aller helst halde seg innandør heile tida, i skjul for taliban-soldatanes foraktfulle blikk. Ein dag overtalar ektemannen ho å bli med han ut ein tur, ei avgjersle dei begge vil angre bittert:

Artikkelen fortsetter under annonsen

Hvorfor hadde hun gått med på å bli med mannen ut? Hva hadde hun håpet å finne i Kabuls gater, annet enn elendighet og krenkelser? Hvorfor hadde hun kunnet godta å ta på seg dette redselsfulle plagget som tilintetgjør henne, dette vandrende teltet som er hennes skjensel og fengsel, med trådgitteret foran øynene som et kaleidoskopisk vindu, hanskene som ikke lar henne kjenne igjen tingene hun tar på, og tyngden av uretten.

Språket til Khadra er poetisk, utan å skli over i det svulstige og banale. Han serverer lesarane presise, sterke bilete. Den ulidelege varmen, underdanigheita til menneska, terroriseringa, kjærleiken som gir seg mange rare utslag, alt er godt formidla. «Svalene i Kabul» er ei kort, relativt lettlesen, men sterk bok, som fortener mange lesarar.

ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur