Norén angrip kjendisar

Lars Norén blir rekna for å vere ein av vår tids framste dramatikarar. No gir han ut sine eigne dagbøker. (Foto: Scanpix)
Lars Norén blir rekna for å vere ein av vår tids framste dramatikarar. No gir han ut sine eigne dagbøker. (Foto: Scanpix)
Artikkelen fortsetter under annonsen

Den anerkjende dramatikaren Lars Norén kallar Michael Nyqvist ein «dårleg amatør» og går til harde angrep mot fleire kjendisar i ny bok.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fredag kom Lars Noréns dagbok ut i svenske bokhandlarar.«En dramatikers dagbok», som strekkjer seg frå sommaren 2000 til sommaren 2005, har vekt oppsikt i svensk presse, då Lars Norén går hardt ut mot fleire kjendisar og personar i kultur-Sverige.

Skodespelar Michael Nyqvist, kjend frå filmar som «Så som i himmelen» og «Gubben i graven ved siden av» har vore med på mange av Lars Noréns stykke. I boka skriv Norén blant anna dette om Nyqvist: «Micke spelade som en dålig amatör», melder Expressen.

Michael Nyqvist vil ikkje kommentere boka.

«Løgnaktig»

Andre som får gjennomgå i den 1600 sider lange boka, er blant andre kultursjef i Dagens Nyheter, Maria Schottenius, og teaterkritikar i same avis, Leif Zern, som han skuldar for å sove seg gjennom teaterframsyningar.

«Eg veit jo at Maria Schottenius er sur og løgnaktig. Ho befinn seg på rett plass», skriv Norén.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det hadde vore fælt om eg hadde skada nokre svake menneske. Om eg har unngått å beskytte nokon, sa Lars Norén i eit intervju med DN i samband med utgjevinga.

Brystvorter og shoppingturar

Innimellom utskjellinga følgjer vil Norén gjennom skriveprosessen, i møter med ulike teatersjefar som vil setje opp stykka hans, han skildrar korleis han forsøker å få barn med ulike kvinner, formen på brystvortene deira, og kva kritikararar som har skrive kva om Lars Norén og teaterframsyningane hans, ifølgje DN.

Lesaren får også følgje med på utalige shoppingturar til kjøpesenteret NK, der det blir handla inn alt frrå sko til døtrene og bukser frå Comme des garçons.

Lars Norén er klar over at han har gitt ut ei kontroversiell bok. I eit intervju med SVT fortalde han at han var redd for å bli tiltalt for ærekrenking.

- Eg er veldig redd for det, sa Norén ved lanseringa.

Les også:

Gir ut bok, forberedt på rettssak