
Vil bekjempe valdtekt med fotlenkjer

Foreslår sporingssystem på kvinner som risikerer valdtekt.
Den italienske politikaren Francesco Rutelli har fått blanda reaksjonar på sitt kontroversielle forslag om korleis kvinner kan vernast mot valdtekt.
Rutelli foreslår at kvinner kan ha på seg satellittsporingsutstyr, lik det sporingssystemet som Storbritannia brukar for å overvake sexforbrytarar. Kvinnene kan gå med det som armband rundt ankelen, slik at politiet kan varslast i høgrisiko-område i den italienske hovudstaden, meiner politikaren, som var borgarmeister i Roma mellom 1993 og 2001 og som denne helga skal stille til val på ny som borgarmeisterkandidat for for det demokratiske partiet.
Forslaget kjem som ein reaksjon på to grove valdtekter i Roma den siste tida, som har fått mykje mediepublisitet.
Ei framståande kvinnegruppe seier at dei ønskejr alle forslag som kan betre kvinnes tryggleik velkommen, men at dette utspelet må sjåast i samband med den pågåande politiske valkampanjen.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsenIsabella Clough-Marinaro.ved det amerikanske universitetet i Roma seier til den italienske avisa AKI at problema blir takla på gal måte.
Etter hennar meining bør pengane heller brukast på nattbussar og på overvaking og lyslegging av dei mørke områda.
- Kvinner burde vere frie til å røre seg fritt omkring i byen, heller enn å måtta gå rundt med ein eller anna panikk-knapp, som ikkje gir nokon garanti for at politiet vil kome raskt nok, seier Clough-Marinaro til avisa.
Rutellis motstandar i valkampen, Gianni Alemanno - som tilhøyrer sentrum-høgre-koalisjonen til Silvio Berlusconi, angrip Rutellis forslag og kallar det «audmjukande for kvinner» og at det viser at styresmaktene har feila i å tryggje innbyggjarane.