Vampyrfilm skal selje dansk roman

Faksimile frå filmen «The Present - A Sweet Surprise».
Faksimile frå filmen «The Present - A Sweet Surprise».
Artikkelen fortsetter under annonsen

Lanserer debutroman med blod, blotta bryst og barnebursdag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

På YouTube ligg det no ein danskprodusert vampyrfilm som viser det reinaste blodbad og nakne bryst. Filmen har den erotiske filmstjerna Gry Bay i hovudrolla og er ein reklame for den danske forfattaren Rikke Schubarts nye roman «Bid» («Bit» på norsk), melder Berlingske Tidende.

Rikke Schubart har tidlegare gitt ut fagbøker om skrekkfilm, og då ho skulle lansere sin nye roman - som ifølgje Berlingske Tidende skal vere ein kulørt vampyrforteljing - fekk ho saman med sin foreleggjar Lars Bøgeholt lyst til å lansere boka med ordentleg stil.

Resultatet blei den 1,16 minutt lange vampyrfilmen «The Present - A Sweet Surprise».

Filmen viser eit barnebursdagsselskap som får besøk av ein klovn som skal underhalde barna. Men den stakkars klovnen har hamna midt oppi eit vampyrreir - og det viser seg at han er hovudretten. Det glinsar i sylkvasse vampyrtenner og blodet renn over blotta kvinnebryst. Filmen blir avslutta med ein glisande Gry Bay, overstrøyma av blod, og orda: «Les «Bid» - en bog av Rikke Schubart».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Saken held fram under filmen.

- Vampyrar heng saman med sex! Og faktisk er filmen tøffare kost enn det YouTube normalt aksepterer. Difor er den også lagt ut på filmsida DailyMotion, der ein godt kan få vise bare bryst, seier Rikke Schubart til Berlingske Tidende.

I tillegg til at filmen kan sjåast på YouTube og DailyMotion, skal han også bli vist i diverse bokhandlar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Nokre bokhandlarar har uttrykt bekymring for innhaldet og nakenheita i filmen, men vi har medvite ikkje villa sensurere han. Det er jo ikkje noko vits å sende ut ein pen vampyrfilm, seier Rikke Shubart til avisa.

Ifølgje Randi Øgrey, direktør i Den norske Bokhandlerforeininga, er det ikkje er spesielt kontroversielt å bruke YouTube til å promotere ei bok.

- Så lenge forfattaren ønskjer det, er det greitt det. Men det blir meir ein diskusjon kring innhaldet i filmen, seier Øgrey til ABC Nyheter.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Ein bokhandel er for alle, så om filmen er rå, slik den høyrest ut å vere i dette tifelle, blir det opp til kvar enkelt bokhandel å vurdere om dei skal vise filmen. Ein bokhandel skal jo vere for heile familien.

«The Present - A Sweet Surprise» instruert av den dansk-franske instruktøren Caroline Sascha Cogez, som tidlegare har vore instruktørassistent for Lars von Trier. Filmen skal ha mottatt 50.000 i støtte frå ein særleg pott i danske Kunststyrelsen, fordi den fremmar litteratur med utradisjonelle middel. Ein del av pengane skal ha blitt brukt til å lage vampyrtennene, fortel Rikke Schubart.

Boka kjem ut i Danmark 29. april.