I fjor kom lista, i dag kom boka

Den norske litterære kanon var ein av fjorårets kulturelle «snakkisar». No er boka bak lista klar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Under fjorårets litteraturfestival på Lillehammer blei dei 25 verka som skal utgjere den norske litterære kanon presentert av ein jury på ti. Lista gjekk heilt tilbake til norrøn tid med diktet «Voluspå» og Snorre Sturlasons «Kongesagaene» og fram til Jon Fosses «Nokon kjem til å kome» (1999) og Øyvind Rimbereids «Solaris korrigert» (2004).

I dag presenterte redaktørane Stig Sæterbakken og Janike Kampevold Larsen boka «Norsk litterær kanon», der kjende forfattarar og litteraturkritikarar presenterer verka, kvar og ein har fått eit verk som dei har eit spesielt forhold til.

Stridsspørsmål

- Det vil alltid vere to stridsspørsmål knytt til det å etablere ein kanon. For det første vil det alltid oppstå ein diskusjon rundt om det er viktig å etablere ein kanon, om det er noko ein er tent med, og for det andre vil det alltid oppstå ein debatt rundt lista over dei kanoniserte verka, sa Stig Sæterbakken under dagens pressekonferanse der kanonboka blei presentert.

Les også:

Her er 25 bøker du burde lese

- Vi krangla mykje

«Norsk litterær kanon» består av 25 essay om kvart av dei kanoniserte verka, i tillegg har litteraturprofessor Atle Kittang skrive ein innleiiande tekst og Jan Kjærstad ein avsluttande, som begge presenterer og problematiserer den litterære kanoniseringa.

Litteraturvitar Janike Kampevold Larsen leia juryen på ti, som var breitt samansett av krikarar, forfattarar og akademikarar, like mange av kvart kjønn og med spreiing i alder.

Kontroversielt

Kampevold Larsen fortel at ho hadde blanda kjensler til det å skulle setje saman ein litterær kanon.

- Vi les alltid frå eit her og no, og ein kanon vil alltid spegle dei politiske og kulturelle motivasjonane til dei som står bak. Men eg trur likevel vi klarte å lage ein kvalifisert lesarrettleiing. Kriteriet til verka var at dei skulle vere leselege og aktuelle for oss i dag, samt ha ein litterær kvalitet i seg sjølv, sa Kampevold Larsen.

- Det var kontroversielt å gå så langt fram som til Rimbereids «Solaris korrigert», men det var eit verk som slo ned som ei bombe då ho kom ut, om det då er mogleg å seie om ei diktsamling. Også skuleelevar likar denne boka, Rimbereids språk appellerer til dei.

Kampevold Larsen understreker at kvalitet var det viktigaste kravet til verka som skulle kome med i kanoen.

- Vi endte opp med låg kvinneprosent, det er beklageleg, men sånn måtte det bli.

Jo nærare juryen kom vår eiga tid i arbeidet med kanonen, jo hardare kampar blei utkjempa.

- Det var tøffe diskusjonar, særleg om etterkrigslitteraturen, seier Kampevold Larsen.

Relaterte saker:

Her er 25 bøker du burde lese

- Vi krangla mykje

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus