Gir ut Nabokovs siste verk

Gir ut Nabokovs siste verk
Gir ut Nabokovs siste verk
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forfattaren bak «Lolita» ville at hans siste bok skulle brennast. No blir ho likevel gjeve ut.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vladimir Nabokov er mannen bak meisterverket «Lolita». (Foto: Wikipedia)Vladimir Nabokov er mannen bak meisterverket «Lolita». (Foto: Wikipedia)

I fleire år har den litterære verda venta i spenning. Før Vladimir Nabokov døydde i 1977, bad han sonen sin Dmitri om å brenne den upubliserte teksten som har namnet «The Original of Laura».

Det melder The Guardian.

Årsaka skal ha vore at Nabokov, ein av det førre hundreårets store litterære stemmer som blant anna skreiv meisterverket «Lolita», ikkje ville gi ut noko uferdig verk.

I tre tiår har teksten no vansmekta i eit bankkvelv i Sveits utan at sonen klarte å bestemme seg for kva han skulle gjere. Dmitri er no 73 år og skal ha sviktande helse. Frå å seie at han vil etterkome farens siste vilje, har han no gått ut og annonsert at «The Original of Laura» skal publiserast.

Det er tyske Der Spiegel som fortel dette. Frå vinterheimen sin i Palm Beach, rettferdiggjer Dmitri avgjersla si ved å seie:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Eg er ein lojal son og hadde tenkt lenge og seriøst over dette, då far min viste seg for meg og sa med eit ironisk glis: 'Du heng fast i eit riktig gammalt rot - berre kom igjen og publiser!'»

Ifølgje Der Spiegel skal det ha vore denne «samtalen» med faren som overtydde han til ikkje å ta på seg rolla som ein litterær brannstiftar.

Det litterære miljøet har i fleire år debattert saken. Nokre har bedt han respektere farens siste vilje, andre meiner at Nabokovs siste verk er ein litterær skatt som verda må få glede av.

Dmitri Nabokov har måtta tole mykje kritikk for at han har brukt så lang tid på avgjersla. Den framståande amerikanske litteraturkritikaren Ron Rosenbaum gjekk nyleg ut i nettmagasinet Slate og bad han om å «slutte å erte»:

«Dmitri, med all respekt, eg trur det er på tide å ta ei avgjersle».

«The Original of Laura» skal handle om den overvektige mannen Philip Wild og hans promiskuøse kone. Manuskriptet skal bestå av 50 kartotekkort med notatar som legg fram handlinga til romanen.