Virtuell forfattar

Kanadiske Margaret Atwood. (Foto: Scanpix)
Kanadiske Margaret Atwood. (Foto: Scanpix)
Artikkelen fortsetter under annonsen

Den kanadiske forfattaren Margaret Atwood gjer ein virtuell opptreden under Litteraturfestivalen på Lillehammer i mai.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Fakta Norsk Litteraturfestival - Sigrid Undset-dagane

* Norges største litteraturfestival med hovudvekt på norsk samtidslitteratur og samspelet mellom litteratur og samfunn.

*Dei siste åra har festivalen fått ein meir internasjonal profil.

* Årets festival, som er den fjortande i rekkja, varar frå 27. mai - 1. juni. Festivalen blir arrangert på Lillehammer kvart år, i slutten av mai.

* Frå 2006 har festivalen status som knutepunktinstitusjon.

* Festivalen er også Noregs største bransjetreff for forfattarar, omsetjarar, kritikarar, forlag og bibliotekarar.

Under årets Litteraturfestival får du høve til å møte den kjende kanadiske forfattaren Margaret Atwood - men berre i det virtuelle rom.

Margaret Atwood (69) er ein kjend forfattar innan science fiction-litteraturen, blant anna med romanen «Oryx and Crake» (norsk utgåve 2004), som er ein framtidsfabel om Jimmy, tilsynelatande den einaste overlevande etter ei miljøkatastrofe.

- Intervjuar Simen Ekern (debattredaktør i Dagbladet, journ. anm.) vil sitje i Søndre Park på Lillehammer og samtale med Atwood i Toronto. Dei to vil sjå kvarandre inn i augo ved hjelp av einvegsspeglar i vinkel, og dei vil bli filma frå fleire vinklar, slik at det for publikum vil sjå ut som om dei sit i same rom, fortel Stig Sæterbakken, som har det kunstnariske ansvaret for festivalen.

- Etterlengta besøk

Hjernen bak dette høgteknologiske prosjektet er Claus Knudsen ved avdeling for TV-utdanning og filmvitskap ved Høyskolen i Lillehammer. Han har forska på virtuelle møter i elleve år og har jobba mykje med fleirkameraproduksjonar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Margaret Atwood skal vere der saman med oss, forsikrar han. Publikum vil ikkje sjå nokon ledningar eller anna teknisk utstyr som kan bryte illusjonen.

Prosjektet er eit samarbeid mellom LongPen (videokonferanse med signering av bøker) i Toronto og den norske telepresence-forskinga og Master-utdanninga i fjernsynsproduksjon ved Høyskolen i Lillehammer.

- Vi har lenge ønskt å få Margaret Atwood til festivalen. Vi har bedt ho fleire gongar og alltid fått nei. Atwood er ein forfattar som så godt som aldri reiser nokon stad. Men no har vi lukkast med å få ho som gjest, og det var berre på grunn av måten dette møtet skal skje på, fortalde Stig Sæterbakken under dagens pressekonferanse på Litteraturhuset.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forfattar-landskamp

Stig Sæterbakken og festivalsjef Randi Skeie presenterte programmet for årets Litteraturfestival på Lillehammer på Litteraturhuset i Oslo onsdag. (Foto: Kari M. Hestad)Stig Sæterbakken og festivalsjef Randi Skeie presenterte programmet for årets Litteraturfestival på Lillehammer på Litteraturhuset i Oslo onsdag. (Foto: Kari M. Hestad)

Artikkelen fortsetter under annonsen

I fjor hadde festivalen 20.500 besøkjande og ifølgje festivalsjef Randi Skeie har dei no funne den storleiken dei føler passar festivalen. Årets festival vil ha 190 arrangement, frå ni om morgonen til eitt om natta, fordelt på seks dagar.

Programmet er som i fjor bygd opp i seriar. Alle seriane frå fjorårets festival blir vidareført, som Lunsj i parken, Krim i parken, Stereo på Bingo'n, Skandinaviske møter og Forfattarar vel film.

Tema for festivalen er framtida, og ein spesiell serie som vil utdjupe temaet er «Framtidsutsikter», der fire norske forfattarar vil møte representantar for ulike trusretningar i Noreg. Blant anna vil Anne Karin Elstad møte Anne Sender, forstandar i Det Mosaiske Trussamfunn i Oslo, og Mathias Faldbakken vil møte Shoaib Sultan, generalsekretær islamsk Råd.

Spesielt av i år er at festivalen kan by på ein førpremiere på det nye nasjonale digitale cinemateket. Det inneber at det vil bli parallelle framsyningar på cinemateka i Oslo, Trondheim og Tromsø, i tillegg til Lillehammer. Forfattarintroduksjonane vil også bli overført live på kinolerret i dei andre byane. Tor Åge Bringsværd vil blant anna presentere «Blade Runner», Ridley Scotts legendariske film frå 1982, og Karl Ove Knausgård vil snakke om Charlie Chaplins «Modern times» frå 1936.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Laurdag 31. mai blir det fotballkamp, då det er duka for det første møtet mellom det svenske og norske forfattarlandslaget i fotball. Det svenske laget er tre gongar regjerande verdsmeistrar, medan det norske laget er nytt av året. Trenar er Ola By Riise, og kaptein er forfattar Gunstein Bakke. Laget skal samlast for første gong i slutten av denne månaden, så korleis dette vil gå, er heller uvisst, men ifølgje kapteinen skal dei norske forfattarane renne Sverige i senk ved hjelp av «danning og ekstremt fair play».

Fokus på India

Festivalen vil ha eit spesielt fokus på India i år. Tre indiske forfattarar kjem på besøk, blant andre debutant Anuradha Roy. Hennar debutroman «An Atlas of Impossible Longing» blir utgjeve samstundes i England og India denne våren.

Romanen skal vere ein slektskrønike der vi følgjer ein indisk familie gjennom tre generasjonar. Til Lillehammer kjem Roy for å samtale med sin norske omsetjar Heidi Grinde.Det vil bli opplesing frå boka på både norsk og engelsk.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Litteraturfestivalen har som tradisjon å utfordre utanlandske forfattarar til å skrive aktuelle føredrag over festivalens hovudtema. I år er det kanadiske Gaétan Soucy som skal halde hovudføredraget.

Soucy er forfattar og hans mest kjende roman «La Petit fille qui aimait trop les allumettes» (1998) er omsett til tjue språk. No underviser han i filosofi i Quebec i Canada.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Føredraget vil bli omsett til norsk i fem hundre eksemplar, som publikum vil få utdelt saman med billetten.

Disco og fotoutstilling

Johan Harstad. (Foto: Litteraturfestivalen)Johan Harstad. (Foto: Litteraturfestivalen)

«Hässelby»-forfattar Johan Harstad har ein framtredande plass på festivalen. Saman med Kelly Davis utgjer han duoen «The Sell-Out Space Girls», som skal spele undergrunnsdisco og «improvisasjon av det heller dystre slaget», som det står i programmet.

Harstad har også ein fotoustilling med John Erik Riley på Galleri Dreyer. Inspirert av Harstads roman «Hässelby» om den vaksne Albert Åberg, har dei to forfattarane gått saman om å realisere eit fotoprosjekt i slekt med det Albert forsøker å få til i Paris, då han fotograferte små Star Wars stormtrooper-figurar i plast i bymiljøet. Harstad og Riley skal derimot plassere ein lys levande Stormtrooper i det norske kulturlandskapet, og sjølvaste Dart Vader skal kunne kome til å dukke opp.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er Trond Giske som vil opne festivalen på Maihaugen tirsdag 27. mai. Under opningsforestillinga kjem også Jostein Gaarder for å halde prolog, og Anders Baasmo Christiansen vil underhalde med utrdag fra stykket «Aniara».

Også eit stort tal barn og unge finn også vegen til festivalen, og alle arrangementa for desse er gratis.

Her finn du heile programmet til festivalen