Trugar homofile med juling

Illustrasjonsfoto: Colourbox
Illustrasjonsfoto: Colourbox 
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ekstreme serbiske nasjonalistar trugar med vald mot homofile og lesbiske under Melodi Grand Prix-finalen i mai.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Damir Grbic, ein av leiarane for høgrerøsla Obraz, trugar dei som ope står fram som homofile med juling. Til avisa Sydsvenskan seier han at «vi ser homoseksualitet som ein sjukdom».

Gruppa Obraz er imot «moralsk og seksuell degenerering», ifølgje Damir Grbic.

- To menn eller to kvinner får ikkje halde hender eller kysse på open gate. Det stoppar vi med vald, seier han.

Bakgrunnen for trugslane til Grbic skal vere falske rykter om at 20.000 homofile er på veg til Melodi Grand Prix-finalen i Beograd, for å arrangere ein pride-parade.

I staden har homorørsla drive ein plakatkampanje i den serbiske hovudstaden, men mange av desse skal ha blitt rivne ned.

Grand Prix-sjef Svante Stockselius i den europeiske kringkastingsunionen (EBU) seier han skal ha prata med Serbias president Boris Tadic då kosovoserbarane erklærte sitt sjølvstende. Presidenten skal då ha garantert for tryggleiken til alle deltakarane, journalistar og besøkjande under Melodi Grand Prix, skriv Dagens Nyheter.

Damir Grbic seier at han er klar over at uttalingane hans kan vekkje avsky, men at han ikkje bryr seg om det.

- Vi legg oss ikkje opp i kva dei gjer heime eller på klubbane sine. Men vi vil ikkje at barna våre skal sjå det, seier Grbic.

Kilde: Dagens Nyheter