Punk, drugs og kunstkritikk

<p><strong>TOMMY OLSSON. </strong>Foto: Adrian Langset</p>
TOMMY OLSSON. Foto: Adrian Langset

Pornograf og kunstkritikar Tommy Olsson syntest det var skuffande lite sex og vald på lanseringsfesten.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Fakta Tommy Olsson

fødd i Lindesberg, Sverige, og for tida busett i Bergen. Han er utdanna biletkunstnar frå Kunstakademiet i Trondheim og Rijksakademie van Beeldende Kunsten i Amsterdam.

Olsson har tidlegare hovudsakleg arbeidd med video og performance, og har deltatt på ei rekkje utstillingar og videovisningar i inn- og utland.

Han var også kurator for utstillinga GOTHIC, produsert av Riksutstillinger i 2003.

Dei siste åra har han særleg markert seg som kunstkritikar, i hovudsak for Morgenbladet, Billedkunst og på Kunstkritikk.no

Utdrag frå Tommy Olssons private «Vær varsom-plakat» som kunstkritikar:

* Se det ingen annen ser. Beskriv det som ingen annen kan.

* Ligg unna å skrive kritikk om folk du har hatt sex med. Du vet aldri helt sikkert hva du kritiserer og skriver deg raskt vill.

* Skriv gjerne kritikk om folk du vil ha sex med, men som du ennå ikke har hatt det med. Dine sjanser for at det blir noe på deg øker betydelig, særlig hvis du skriver unødvendig strengt og ondskapsfullt.

* Skriv oppriktig. Det er umulig, men gjør det likevel.

* The Pixies er verdens beste band.

* Formuler det de fleste ikke vet at de allerede vet.

* Ingen banker RBK.

(Henta frå artikkelen 'Mens djevelen leser over skulderen min og smiler bifallende' frå «Knust»).


Kunstkritikar og pornograf Tommy Olsson ser ein smule herja ut då han entrar kaffibaren Stockfleths i Oslo. Kanskje ikkje så merkeleg, med tanke på at det kvelden før har vore lanseringsfest for boka hans «Knust» – ei samling av det som skal vere dei beste kunstmeldingane og essaya hans i perioden 2000-2006.

– Lanseringsfesten blei fin den. Men det var skuffande lite sex og vald, seier Olsson med eit sjølvironisk glis.

Han legg ikkje skjul på at han er oppteken av sex og pornografi. På nittitalet blei videokunsten hans sensurert av Bergen Kunstforening fordi den var «for valdeleg og seksuell». I dag er Olsson først og fremst kritikar, for Morgenbladet, Billedkunst og Kunstkritikk.no. Og pornograf.

«Fitte, fitte, fitte»

Tommy Olsson hevdar sjølv han er ein snill kunstkritikar. (Foto: Adrian Langset)Tommy Olsson hevdar sjølv han er ein snill kunstkritikar. (Foto: Adrian Langset)

I den nyutgivne «Knust» finn du den smått legendariske meldinga av Carnegie Art Award 2004 (som mest av alt handlar om at å gå på fylla på Lorrys og Blå, mindre om utstillinga på Kunstnernes Hus). Du finn kunstmeldingar med titlar som «Fitte, fitte, fitte» (om Marit Victoria Wulff Andreassens vaginautstilling), du kan lese svenskens hyllingar av bandet The Pixies og hans harselering med alt frå likningsvesenet og kvinnelege kunstskribentar til seg sjølv som middelaldrande, forfylla, kaffiavhengig og kronisk forseintkommande kunstskribent, som han blant anna omtalar som ein «halvimpotent alkis».

Men mest av alt er «Knust» er samling velskrivne og reflekterte kunstmeldingar, der Olsson som ein av dei første forsøker å ta Magne Furuholmen seriøst som biletkunstnar i i «Gray's pain» (og konkluderer med at mannen faktisk fortener å bli tatt på alvor), han forklarar kvifor Mathias Faldbakken er så god som han faktisk er og omtalar 79-åringen Håkon Bleken som «den nye vinen».

Det blir ofte hevda at tekstane dine har snudd opp ned på kunstkritikk-sjangeren og skapt ny presedens. Kva tenkjer du om det?

– Eg håpar eg har gjort rommet større. Du veit, kunstkritikken er eit avgrensa format. Eg har opna for moglegheiten for digresjon. Særleg på nettet er det høve for dette. På Kunstkritikk.no fekk eg brette meg ut, skrive langt, seier Olsson.

- Korleis vil du sjølv skildre stilen din?

– Tekstane mine er godt skrivne, dei er innsiktsfulle og humoristiske. Men dei grepa eg tar, fungerer berre eit visst antal gonger. Fyllerøret er veldig effektivt, men verkar ikkje like sterkt når du brukar det for 35. gong. Men eg føler sjeldan eg gjentar meg sjølv.

Lurte NRK

Olsson hevdar at han, trass i flittig bruk av kjønnsord og utskjelling i tekstane sine, ikkje er ute etter å provosere. Likevel kan han ta i bruk uvanlege metodar og går ikkje av vegen for å lyge folk som burde vite betre opp i stry.

Han flirer stort når han blir konfrontert med løgnhistoria han i fullt alvor serverte på NRK Østlandssendinga ei tid tilbake.

Olsson hadde skrive ei fiktiv historie om kunstnaren Lisa X og hennar performance «The Harmful Show» i Morgenbladets julenummer 2006. Den mystiske Lisa X skulle ha invitert til eit stunt ute i skogen, der Olsson og ei gruppe galleristar så skulle ha opplevd å bli skotne på av kunstnarane. NRK Østlandssendinga gjekk rett på og inviterte Olsson i studio for å snakke om «valdelege tendensar i kunsten», noko den uredde kritikaren gjorde utan å blunke.

Eg burde ha vore ein bitter, middelaldrande mann som dissar folk som er betre enn meg. Men i røynda er eg ein blid middeladrande mann som skriv pent om folk som er dårlegare enn meg.

- Altså, eg var ikkje ute etter å drite ut nokon. Men det var mange fleire enn Østlandssendinga som gjekk på den historia der. Ideen om kunsten som skubbar galleristar og kritikarar ut i skogen og plaffar dei ned, tiltalar mange. Det var fleire samtidskunstnarar som tenkte: «Jess! Endeleg skjer det», seier Olsson, som kan fortelje at han ved fleire høve har opplevd det motsette: At folk har tatt kunstprosjekt han har skildra for å vere vore blank løgn.

– Eg lever i ei skrudd verd, konstaterer han lakonisk.

Uredd

Fleire gonger under samtalen understreker svensken med dei diabolske augebryna at han er fullstendig fryktlaus.

– Kva har eg å vere redd for? seier han, og verkar nesten provosert.

Og denne ureddheita blir stadfesta i tekstane. Olsson har meiningar om det meste, også emne som andre kan vere forsiktige med å uttale seg for sterkt om. Ein av tekstane i «Knust» handlar om poparten til omstridde Unni Askeland.

«Den fotografiske overføringen av bilder til lerret er nesten for et svertet medium i seg selv å regne, populært blant designere, innredningsarkitekter, pubertetsungdom og andre tapere.
[...] Det ekspesjonelle her er at den vedhengende rockemytologien - umulig å riste vekk i andre sammenhenger - faktisk nesten blir helt borte. Det vi ser er ansikter. [...] Og portretter man noen ganger for lenge siden har sett seg trøtt på, bryter plutselig gjennom med et påtrengende nærvær etter å ha blitt kjørt gjennom prosessen i kjelleren til Askeland. Man kan spekulere på hvorfor. Ja, man kan faktisk ikke la være.
(Utdrag fra 'Veni Viidi Vanitas' i «Knust».)

– Askeland har eit klart definert kunstnarskap. Ho er lett å kjenne igjen. Som kunstnar er ho både god og mindre god. Men ho bommar på populærkulturelle , som ho sjølv er ein del av i tillegg. Ho er fotogen. Ein kan sjå arbeida hennar som ei forlenging av ho sjølv. Alt på Unni Askeland er stort. Arbeida hennar er store. Og så bur ho på Kløfta også, seier Olsson begeistra og bryt ut i støyande lått, som han skulle ha fortald ein god vits.

Debatten rundt Nasjonalmuseets omstridde innkjøp av Askelands bilde synest han ikkje er så mykje å bråke om.

– At dama (Allis Helleland, journ. anm.) går ut og kjøper kunst, ser eg ikkje noko gale i. Det skulle berre mangle, heldt eg på å seie. Men det som er trist, er at Nasjonalmuseet ikkje fungerer. Tidlegare i dag fekk eg spørsmål om ikkje det problematisk å vere svensk i norsk kulturliv, og så viste dei til rabalderet rundt Sune Nordgren. «Og du meiner det går betre no?» var svaret mitt. Nei, Nasjonalmuseet er eit stort monstrum-museum som slit. Det funkar ikkje. Leiinga består av eit internt kretsløp av folk som går ut i media og hevdar dei har «full tillit». Kva er det for noko skit. Gå og gjer jobben dykkar. Herregud, seier han oppgitt.

– Blid og snill

Men trass i at Olsson ikkje er redd for å meine noko, så hevdar han sjølv at han er ein snill kritikar.

– Eg har blitt snillare av å skrive. Eg burde ha vore ein bitter, middelaldrande mann som dissar folk som er betre enn meg. Men i røynda er eg ein blid middeladrande mann som skriv pent om folk som er dårlegare enn meg. Ha!

Kunstkritikken er den nye rocken. Tommy Olsson

På nittitalet var han rekna som ein av dei mest framståande videokunstnarane og performanceartistane i norsk kunstliv. No arbeider han ikkje lenger med video. Han orkar ikkje. Tidlegare har han skrive at det er på grunn av videoen av åtaket på tvillingtårna i New York 2001.

– Nei, video kan eg ikkje lage lenger. Det høyrest kanskje ut som eg koketterer, men eg er ferdig med det. No jobbar eg med foto. Køddar med seksuelt lada materiale.

Han synest det er problematisk å sjå igjen mykje av dei arbeida han gjorde tidleg på nittitalet.

Olssons videokunst frå nittitalet blei sensuert av Bergen Kunstforening. Sjølv vil han helst ikkje sjå sitt eige arbeide frå den tida, då det gjer han fysisk og psykisk dårleg. (Foto: Adrian Langset)Olssons videokunst frå nittitalet blei sensuert av Bergen Kunstforening. Sjølv vil han helst ikkje sjå sitt eige arbeide frå den tida, då det gjer han fysisk og psykisk dårleg. (Foto: Adrian Langset)

– Innimellom må eg jo vise dei fram, når eg har førelesingar for kunststudentar og slikt. Men eg får ein reaksjon, både psykisk og fysisk, når eg ser eit «meg» som er i tjueårsalderen. Eg veit ikkje kva han der på skjermen driv med, eg orkar ikkje sjå det og tenkjer: «æææsj!» Ein venn av meg har sagt at «sånn har vi alle hatt det». Ingen orkar å sjå på arbeida mine meir enn fem minutt. Ha ha.

Oppfølgjaren

Av dagens unge samtidskunstnarar vil han særleg trekkje fram Kristian Skylstad.

– Han tør å ta i ting som folk skygger unna og roter i steindødt materiale. Som rockemyter som har passert siste forbruksdato forlengst. Han er til dømes besatt av Jim Morrisson, og det er jo berre såå passé. Men så var vi visst ikkje ferdige med det likevel, seier Olsson engasjert.

– Eg likte også veldig godt eit videostund der han har gjenskapt sluttscenen i filmen «Seven», der Skylstad sjølv agerer som Brad Pitt som i ein loop står og hyler: «what's in the freaking box! What's in the freaking box!»

Tommy Olsson har gjort seg ferdig med cortadoen og sit og stryk litt på boka si som ligg på bordet. Han er nøgd med tittelen «Knust».

– Oppfølgjaren skal heite «Pult». Eit bra ordspel, det også, flirer han.

Suksessen han har hatt som kritikar, har ført til fleire oppdrag og travle tider. Det er ikkje fritt for at det innimellom kan bli litt mykje for den klarsynte og frittalande svensken.

– Det er slitsamt å halde på som eg gjer. Førre veke var eg i Trondheim og Marseille, mens eg eigentleg bur i Bergen, der eg knapt er to dagar etter kvarandre. Det er veldig kompliserte arbeidsforhold, seier han med eit lite sukk.

Les meir:

ABC Nyheter Kultur

ABC Nyheter Litteratur

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus