Kunst i tungvektsklassen

Tilsette ved auksjonshuset Christies i London held måleriet som vil bli selt 13. mai. Det er ein privat samlar som no eig måleriet, som er forventa å bli det dyraste måleriet som nokon gong har blitt selt av ein nolevande kunstnar. (Foto: AP/Scanpix)<p> </p>
Tilsette ved auksjonshuset Christies i London held måleriet som vil bli selt 13. mai. Det er ein privat samlar som no eig måleriet, som er forventa å bli det dyraste måleriet som nokon gong har blitt selt av ein nolevande kunstnar. (Foto: AP/Scanpix) 

Sue Tilley fekk 200 kroner dagen for å stå modell for eit måleri som er venta å gå for 170 millionar kroner.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Kunstnar Lucian Freuds måleri frå 1995 «Benefits Supervisor Sleeping» kan bli selt for heile 170 millionar kroner når det blir auksjonert bort i New York neste månad.

Det vil i så fall gjere verket til det dyraste måleriet som nokon gong har blitt selt av ein nolevande kunstnar.

Modellen for måleriet, Sue Tilley frå London, seier til BBC at ho berre fekk 20 pund om dagen for å stå modell for Lucian Freud, men at ho ikkje gjorde det for pengane si skuld. I 1995 arbeidde ho på eit dagpengekontor i London, noko som gav opphav til tittelen «Benefits supervisor».

Tilley, som har tilnamnet «Big Sue», skal ha stått modell for Lucian Freud i ei årrekkje. Kunstnaren er er barnebarnet til den berømte psykiateren Sigmund Freud.

- Eg går ut frå at han valde meg som modell fordi han fekk noko igjen for pengane, seier Tilley, som ifølgje BBC skal vere mykje meir attraktiv i verkelegheita enn det ho framstår som på Freuds måleri.

- Eg synest det gjeld alle modellane hans, det er ikkje berre meg, seier Tilley.

- Det er grunnen til at eg ikkje bekymrer seg så mykje, fordi eg synest at til og med dei tynne jentene ser rare ut.

Måleriet pryda forsida på Financial Times på laurdag. Yppige Tilley spøker med at ho er den første nakenmodellen på forsida av finansavisa.

Klikk på bildet for større versjon

Lucian Freuds måleri «Benefit Supervisor Sleeping». (Foto: AP/Scanpix)Lucian Freuds måleri «Benefit Supervisor Sleeping». (Foto: AP/Scanpix)

Personvernpolicy