Meny

AKTUELL BOK: Astrid Høgevold: «Noe i meg er sterkere enn jeg» (Gyldendal)

- Skulle bli tynnast av alle

ANOREKSI: Astrid Høgevold er endeleg friskmeldt for alvorleg anoreksi. No er ho aktuell med bok der ho skildrar si oppleving av sjukdommen, som er den psykiske lidinga som tar livet av flest her i Noreg. (Foto: Kari Mathilde Hestad)

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Astrid Høgevold heldt på å dø av anoreksi. - Eg skulle ikkje berre bli tynn. Eg skulle bli tynnast av alle, fortel Høgevold til ABC Nyheter.
Om forfattaren
Astrid Høgevold (1989) er fødd og oppvaksen i Bærum. «Noe i meg er sterkere enn jeg» er hennar første bok.

Astrid Høgevold (18) fekk alvorleg anoreksi då ho var tolv år gammal. I seks år sleit ho med den farlege sjukdommen. I seks år dreide livet seg om forbrenning og kaloriar. Om å bli tynnare enn tynnast.

- Eg skulle bli tynn. Tynnast av alle. Det var dét som dreiv meg.

No har ho skrive dokumentarbok om sjukdommen, «Noe i meg er sterkere enn jeg. En beretning om anoreksi».

Personleg og ærleg inn til beinet skildrar Høgevold korleis det var å leve med alvorleg anoreksi, om overtrening og jernhard sjølvdisiplin, om sjukehusopphald, sjølvmordsforsøk og tvangsfõring med sonde på ungdomspsykiatrisk klinikk.

- Det var godt å få det ut. Tøft, men godt, seier ho stille.

«Djevelen»

Det tok to år med sjukdom og behandling før Astrid ville innrømme at ho var sjuk. Men sjølv om ho skjønte det, ville ho likevel ikkje gjere noko med det.

- Anoreksien hadde ei veldig makt over meg. Eg fann tryggleik og kontroll i sjukdommen, i det å bli tynn, fortel Høgevold.

I boka skildrar ho sjukdommen som ei sterk kraft. Ved å personifisere anoreksien som ei mørk styrke ho kallar «djevelen», viser ho kor stor del av sin eigen identitet ho batt til eteforstyrringa. Det var «djevelen» som tvang ho til å springe opp og ned trapper heile dagen, til å forbrenne og forbrenne kaloriar. Til slutt var ho så sjuk at ho ikkje klarte å vere i nærleiken av mat, kaloriane var overalt, i lufta ho pusta, i tinga ho tok på. «Djevelen» hadde all makt, utan anoreksien visste ho ikkje lenger kven ho var.

Jeg tenkte det djevelen tenkte. Jeg så mennesker jeg ikke kjente, ungdommer og voksne, og de var tynnere eller tykkere enn meg. Det var det jeg så. Jeg var ikke tykkest, men jeg var heller ikke tynnest. Jeg skulle bli tynnest. Livet var en kamp, en livskamp jeg kjempet med djevelen, en kamp til toppen, og den kampen skulle jeg vinne. Jeg skulle være på toppen som den tynneste. Inntil jeg var tynnest, var jeg tykk. (Utdrag frå boka «Noe i meg er sterkere enn jeg»)

Mykje blei vanskeleg i puberteten. Astrid ville framleis vere eit barn, ikkje ungdom, ho ville ikkje utvikle seg, få puppar - ho ville vere liten og bli tatt vare på.

- Eg var veldig sårbar. Alt blei så vanskeleg då eg kom i tenåra. Eg stilte så høge krav til meg sjølv. Eg skulle ha kontroll, vere pen og stille opp for andre. Til det yttarste. Sjukdommen var fienden min, men også ein venn. Det blei min måte å kontrollere ting på, vanskelege ting inni meg.

Døden nær

I anoreksien fekk ho endeleg kontroll. For Astrid var ein flink anorektikar. Så flink at det nesten tok livet av ho.

Anorexia nervosa er den psyksiske lidinga med høgast dødelegheit i Noreg. Då Høgevold blei innlagd på Rikshospitalet siste skuledag i åttande klasse, var ho så svak at legane var redd at hjarta hennar skulle svikte. Ho har dessutan fleire sjølvmordsforsøk bak seg. Ein gong blei ho funnen av bestevenninna, ein annan gong var ho fast bestemt på å hoppe i døden frå ei bru, men blei til alt hell halden fast av ei tilfeldig forbipasserande, framand dame.

- Kva tenkjer du sjølv om den behandlinga du fekk som anoreksi-pasient? Det er ganske tøffe tak du skildrar, som tvangsfõringa der tre vaksne menneske held deg fast og ein fjerde tvingar sonden ned i halsen på deg.

- Eg kan nok ha vonde kjensler med tanke på den behandlinga eg fekk. Men eg trøystar meg med at alle ville mitt beste. Men det er ikkje mykje behandlingsopplegg for anoreksi-pasientar. Psykiateren min brukar å understreke kor viktig det er å ta tak i det tidleg. Det er ho heilt klar på. Elles kan det bli farleg.

Fekk håp

For to år sidan, etter at Astrid hadde vore så heldig å kome i behandling hos ein dyktig psykiater ho følte ho kunne stole på, fekk ho håp om at det var mogleg å få tilbake eit normalt liv.

- Eg hadde opplevd ein tilbakegang i behandlinga og var igjen innlagd på UK (ungdomspsykiatrisk klinikk, journalist anm.) Men brått fekk eg håp. Eg kjende styrke og fekk ei kjensle av at ting kunne bli betre. Etter å ha vore sjuk i lang tid, nådde eg eit punkt der eg ville bli frisk. Mykje takka vere at eg kom til ein god psykiater, seier Høgevold.

Fysisk er ho no friskmeldt. Psykisk blir ho stadig betre og betre. I dag er ho i gang med tredje klasse allmennfag. Ho skal også ta eit fjerde år som privatist. Livet handlar ikkje lenger om å prestere.

- Eg får støtte av psykiateren min, som tar ansvar for meg. Og så får eg enormt mykje støtte frå venner og familie. Det betyr alt. Eg klarar ikkje alt sjølv.

Vil bli psykiater

Høgevold har sett seg mål for framtida. Ho vil bli psykiater og hjelpe andre med eteforstyrringar.

- Ja, eg har bestemt meg for det, seier ho med fast stemme, og ein får kjensla av at det skjuler seg ei knallsterk vilje bak den vevre fasaden - ei vilje som i fleire år fekk feil utlaup, men som ho no forsøker å kanalisere til noko positivt.

- Eg tenkjer at det eg har sett og opplevd kan hjelpe andre. At andre forstår at dei ikkje står aleine og at eg kan skape større forståing av sjukdommen. Eg gir mykje av meg sjølv i denne boka, men du skal vite at kvart ord har sine kjensler, seier Høgevold.

Relaterte saker:

Berre litt alminneleg galskap

ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur

ABC Nyheter Helse

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus