
Lily Allen for sjuk for bokjury

Trekk seg frå juryen for den anerkjende Orange Prize for Fiction på grunn av dårleg helse.
Lily Allen var (22) kan hende ikkje det mest openbare valet for å sitte i juryen for den prestisjeprisen Orange Prize for Fiction. Men i desember blei det bestemt at ho skulle vere med i jurypanelet.
Men no kan dei puste letta ut, alle litteratursnobbar som ikkje kunne skjøne kva ei tyggegummityggjande popstjerne hadde der å gjere. I går blei det nemleg kjend at Allen trekk seg frå juryen.
Allens manager seier til Daily Mail at det er med «stor sorg Lily Allen trekk seg frå jurypanelet.» Sjølv om Allen skal ha lese bøkene som var aktuelle, gjer «dårleg helse» at ho ikkje får gjennomført juryoppgåva.
Lilly Allen har hatt det svært tøft det siste året. Ho gjekk gjennom ein abort i januar, og ikkje lenge etterpå blei trulovinga med Chemical Brother's Ed Simons broten. I februar var ho dessutan offer for eit identitetstjuveri.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsenPopstjerna var det yngste medlemmet som nokon gong hadde blitt inkludert i Orange-panelet, ifølgje Guardian.
«Lily har lagt ned masse arbeid i lesinga og brakte med seg eit unikt perspektiv i juryarbeidet og vi er svært lei oss for at vi mister ho på dette stadiet», uttalte juryleiar Kirsty Lang.
Orange Prize for Fiction skal fremje kvinnelege forfattarar og blir delt ut i juni. Namnet på dei nominerte forfattarane blir offentleggjort i april. Blant tidlegare vinnarar finn vi blant andre Zadie Smith.
I førre veke blei det kjend at Lily Allens fjernsynsshow på BBC, «Lily Allen and Friends» som hadde premiere i februar, skal halde fram med åtte nye episodar.