«Miss Bimbo» utan slankepiller

Faksimile frå nettsida missbimbo.com
Faksimile frå nettsida missbimbo.com
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Miss Bimbo» har fjerna slankepillene. Men spelet er framleis farleg for unge jenter, meiner ekspertar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Miss Bimbo», nettspelet der ungejenter tar ansiktløftingar, brystforstørring og kler seg i sexy undertøy ved hjelp av ein virtuell «bimbo», satte sinna i kok hos feministar, ernæringsekspertar og britiske foreldre for nokre veker sidan.

Den gode nyheiten er at nettspelet no slutta å tilby virtuelle slankepiller som skulle halde karakterane tynne, melder AFP.

Den dårlege nyheiten er at karakterane framleis er bimboar.

«Fornærmar spelarane»

«Miss Bimbo» er skapt av den franske programvareutviklaren Nicolas Jacquart (23). Han starta også eit liknande prosjekt i Frankrike for eit år sidan, kalla «Ma bimbo», før han flytta til London og lanserte ein engelskspråkleg versjon av spelet tidlegare i år. Ifølgje AFP skal den franske sida ha 1,2 millionar brukarar og den engelskspråklege versjonen 400.000.

På nettsida står det at det no ikkje lenger er mogleg å kjøpe slankepiller til jentene i spelet, på grunn av «overraskande mediemerksemd».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Vi vil også be spelarane våre om oppriktig orsaking for media si samanlikning av Miss Bimbo og Paris Hilton», står det i ei notis på sida.

«Vi føler at dette er å fornærme spelarane som sender bimboane sine på universitetet, i teselskap og på sjakkturneringar.»

Sjølv om spelet har fått krass kritikk av feministar og barnepsykologar, har Jacquart uttalt at han ikkje trur det er skadeleg for dei unge jentene

- Det er eit ironisk spel om korleis den verkelege verda fungerer, uttalte han til Times Online for eit par veker sidan.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er gratis å registrere seg på nettsida, men det kostar pengar å skaffe seg valuta i spelet for å kjøpe klede og tenester. Alt for å kapre ein kjærast som er milliardær.

«Opprørande bodskap»

Lisa Machoian, barnepsykolog og tidlegare Harvard-forelesar som har spesialisert seg på tenåringsjenter, seier til AFP at spelet gjer ho bekymra.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg er veldig uroa fordi bodskapen som spelet sender ut er opprørande, seier Machoian.

Ho meiner det er positivt at slankepillene forsvann frå nettsida, men at resten av spelet kan vere vel så skadeleg for unge jenter:

- Dette er aktivt promotering av å vere bimbo, det handlar ikkje om å fremme ei jente som oppnår suksess eller tar utdanning. Om jenter byrjar å samanlikne seg sjølv med kjendias eller 'bimboar' blir dei veldig utsjånad-fokuserte, og dei kan utvikle eteforstyrringar og låg sjølvtillit, hevdar psykologen.

Les også: «Miss Bimbo» skaper brudulje