Difor narrar me kvarandre

Artikkelen fortsetter under annonsen

Pass deg for 1. april. Sjansen for å bli narra er stor.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men kvifor bruker me den første dagen i april til å narre kvarandre?

Kjem av aprilfisk

Aprilsnarr er ein gamal tradisjon som truleg stammar frå Frankrike, der dei festa ein såkalla aprilfisk på ryggen til den som vart narra. I dag vert aprilspøken praktisert over heile Europa.

Dagen vert markert med å spøke med venner og kjente, eller å sende folk ut på falske ærend. I nokre land må aprilsnarren også utførast før middag. Opphavet til skikken er omdiskutert, men nokre forskarar meiner at aprilsnarr stammar frå det gamle Rom og var ein form for vårfest.

Andre hevdar at dagen stammar frå ein minnesfest der Kristus blir sendt frå Annas til Kaifas og så vidare til Pilatus der korsfestinga finn stad omkring 1. april.

Gratis vin

I dag er det vanleg at aviser og andre media bruker dagen til å lure lesarane. Her er nokre kjente aprilsnarrar i media:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I 1997 gjekk fleire britiske aviser ut med at regjeringa hadde forhandla fram ein avtale om at Storbritannia skulle få behalde Hong Kong, mot at Kina fekk Nord-Irland.

Bergens Tidende annonserte i 1987 at vinmonopolet hadde konfiskert 10.000 liter med smuglarvin. Innbyggarane i Bergen var invitert til polet for å få ein del av varene. På morgonen sto 200 menn og kvinner utanfor polet med flasker og bøtter.

BBC sitt TV-program Panorama kjørte ein berømt spøk i 1957 som viste sveitsere som hausta spagetti frå trær. Mange kontakta BBC og ville vite korleis dei kunne få til å dyrke sin eigen spagetti.

Kjelder: wikipedia.org, nysgjerrigper.no