Meny

Nynorsk tekst på kino

Kinofilmar med nynorsk tekst kan bli ein realitet frå hausten av. (Illustrasjonsfoto: Colourbox.com) 
Kinofilmar med nynorsk tekst kan bli ein realitet frå hausten av. (Illustrasjonsfoto: Colourbox.com) 
Til hausten vil det kome film med nynorsk tekst på kino.

Det siste året har Norsk Målungdom arbeidd hardt for å få sjå meir nynorsk kinofilmteksting. Og no lovar Euforia film at dei til hausten vil tekste minst ein film på nynorsk.

«Dette er ein viktig milepæl for alle vener av nynorsken, og vi er særs glade for at Euforia Film tek denne sjansen», seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom, i ei pressemelding.

«Norsk Målungdom vil hjelpe til med å skaffe ein kompetent omsetjar, og vi vil sjølvsagt markere det når filmen blir sett opp til hausten.»

Kjetil Omberg, dagleg leiar i Euforia Film, meiner det handlar om å bryte med gamal vane, og seier at grunnen til at dei ikkje har gjort det før, er at det har vore mangel på ein kompetent nynorskomsetjar i miljøet.

Den førre filmen som blei sett opp i Noreg med nynorske filmtekstar var Ronja Røvardotter i 1985, som kom på både nynorsk og bokmål.

Denne helga har Norsk Målungdom landsmøte på Voss, og der skal dei feire at nordmenn til hausten kan få sjå nynorsk på kinolerretet for fyrste gong på 23 år.

Annonse
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus