Meny

Norsk SPA-suksess i USA

FOR MENN: Til venstre eigaren Mario Vigil, interiørarkitekt Marianne Berg i midten og kunstnar Mia Gjerdrum Helgesen, som har fått i oppdrag å levere kunst til spaet, til høgre. (Foto: privat).
FOR MENN: Til venstre eigaren Mario Vigil, interiørarkitekt Marianne Berg i midten og kunstnar Mia Gjerdrum Helgesen, som har fått i oppdrag å levere kunst til spaet, til høgre. (Foto: privat).
Marianne Berg frå Asker har laga interøret til eit eige spa for menn i LA, med polert betonggolv og pedikyrstolar som skal likne ein Harley Davidson.

Her sit mennene på rekkje og rad og får stelt både negler, hår og hud. (Foto: privat)Her sit mennene på rekkje og rad og får stelt både negler, hår og hud. (Foto: privat)

- Dette spaet bryt barrierer, seier interiørarkitekt Marianne Berg (37) på telefon frå USA.

- Det er nytt at menn får lov til å gå på spa og ordne negler og vere litt jålete. Her kan menn kome inn døra utan å bli flaue fordi det sit masse damer der. Interiøret er dessutan laga slik at du ikkje sit på utstilling, men er litt skjult når du til dømes tar ein pedikyr.

Dobla kvar månad

Interiørarkitekt Marianne Berg frå Kongsberg har budd i USA i tolv år. Oppdraget om å lage interiøret til Well Heeled Spa i San Diego fekk ho i konkurranse med fleire andre. Spaet opna i byrjinga av august i fjor, og sidan opninga har eigaren Mario Vigil dobla omsetninga stort sett kvar månad, ifølgje Berg.

- Eg blei glad for dette oppdraget. Mario Vigil hadde eit utruleg spennande konsept, det er ingen som har gjort dette før i San Diego, seier Berg.

Nominert til pris

Interiørkonseptet er «industrial chic» med ein maskulin undertone. (Foto: Privat)Interiørkonseptet er «industrial chic» med ein maskulin undertone. (Foto: Privat)

Interiørarkitekten har blitt nominert til Calibre Award for designet, ein pris som blir delt ut til dei beste interiørprosjekta i Sør-California. I fjor vann ho denne prisen for eit casino-prosjekt ho utforma saman med Carrier Johnson-teamet ho jobbar med i LA.

Harley Davidson

Designet i Well Heeled Spa er enkelt og maskulint. Det er høgt under taket, som er ope slik at rørkonstruksjonane viser, polerte betonggolv, frisørstolar designa av Porsche og manikyr- og pedikyrstasjonar som skal minne om sidevogner på ein Harley Davidson.

- Fargane går i brunt og svart. Det er rennande vatn på stål, glassflater og svarte skinnstolar. Menn skal føles seg komfortable, seier Marianne Berg.

- Skulle vi ha laga eit typisk spa ville det nok ha vore meir feminint, roleg og zen-aktig, spekulerer Berg.

- Kven er det som brukar spaet?

- San Diego er jo definert som «the high end of LA». Byen har fått ei ny folkegruppe med ein ny stil dei siste åra. Folk flyttar tilbake inn i byen, det blir bygd nye bustadblokker og gamle blir revitalisert. Det har skapt ein annan kundemarknaden enn for berre nokre år sidan. Det er først og fremst unge menn med pengar som brukar spaet. Ein del homoseksuelle, men dei er faktisk ikkje den største kundegruppa, fortel Marianne Berg.

Norsk kunst

Eitt av måleria som skal sendast over til USA. (Foto: Mia Gjerdrum Helgesen)Eitt av måleria som skal sendast over til USA. (Foto: Mia Gjerdrum Helgesen)

Interiørarkitekten ville at den norske kunstnaren Mia Gjerdrum Helgesen frå Asker skulle levere kunst til spaet. Etter å ha vore på besøk i Los Angeles i fem veker, der ho har samla inspirasjon til jobben, er Gjerdrum Helgesen no tilbake på atelieret sitt i Noreg.

- Marianne såg bilda mine på ein utstilling i New York i 2006. Ho valde nok meg til å smykke ut spaet fordi eg har ein røff stil, trur Mia Gjerdrum Helgesen, som i desse dagar held på med den siste finishen på måleria.

- Eg brukar sparkelspadar og har mykje lag på lag. Forma er akryl på lerret. Eg skal levere bilder som skal hengje i spaet permanent, pluss bilder som er til sals. Så det blir ein kombinasjon av galleri og utstilling, fortel kunstnaren til ABC Nyheter.

Dekka av amerikansk TV

Også Gjerdrum Helgesen har tru på spa for menn-konseptet.

- Det er på tide at menn får sitt eige spa, der dei kan få både dagleg pleie, som barbering og massasje, og spesialbehandlingar, meiner kunstnaren.

Når kunsten om litt er på plass i USA skal det vere ei eiga opning - med presentasjon av måleria - som tv-stasjonane i San Diego skal dekkje.

Under: To av bilda som Mia Gjerstad Helgesen etter planen skal stille ut på spaet. Klikk på bilda for større versjon.

Forma kunstnaren har brukt er akryl på lerret. (Foto: Mia Gjerdrum Helgesen)Forma kunstnaren har brukt er akryl på lerret. (Foto: Mia Gjerdrum Helgesen)

Dette måleriet skal pryde spaet for menn i San Diego. (Foto: Mia Gjerdrum Helgesen)Dette måleriet skal pryde spaet for menn i San Diego. (Foto: Mia Gjerdrum Helgesen)

Annonse
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus