Jentespelet «Miss Bimbo» skaper brudulje

Faksimile frå nettsida missbimbo.com
Faksimile frå nettsida missbimbo.com
 
Artikkelen fortsetter under annonsen

I nettspelet Miss Bimbo skal jentene ta brystoperasjonar og ete slankepiller.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Foreldregrupper i Storbritannia slår hardt ned på eit nytt internettspel der jenter heilt ned i niårsalderen blir oppmuntra til å «kjøpe» virtuelle brystoperasjonar og ansiktsløftingar.

Føremålet med nettspelet «Miss Bimbo Beauty Contest» er å bli den «hottaste, kulaste, mest berømte bimboen i heile verda», som det står på nettsida.

Plastisk kirurgi

Barna som speler får utdelt ei naken, virtuell dokke som dei skal passe på. Dei kjempar mot dei andre spelarane for å tene bimbopengar, som dei skal bruke på å kle dokka i sexy klede og ta ho med ut på «clubbing». Så får dei tildelt oppdrag, som inkluderer plastisk kirurgi på spelets klinikk, der dokkene får større bryst. Dei må også få dokkene til å halde idealvekta ved hjelp av slankepiller.

Spelet er gratis, men når deltakarane slepp opp for virtuelle pengar må dei sende SMS som kostar £1.50 per stykk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Britiske foreldre er svært kritiske til spelet, ifølgje The Guardian. Foreldregruppa Parentkind med Bill Hibberd i spissen hevdar «Miss Bimbo» er til skade om «niåringen ikkje maktar å sjå ironien i spelet og ser på bimboen som ein rollemodell. Då blir spelet farleg.»

1.2 millionar spelarar

«Miss Bimbo» blei først lansert i Frankrike i fjor. Også der har spelet blitt kritisert av foreldre og ernæringsfysiologar. Den britiske versjonen har opp til 200.000 spelarar, flesteparten jenter i alderen ni til seksten år. I Frankrike er det heile 1.2 millionar som speler nettspelet.

Nicolas Jacquart, den 23 år gamle webdesignaren frå Tooting i sør-London som har skapt «Miss Bimbo», insisterer på at spelet ikkje har dårleg innflytelse på barna.

- Dei lærer å ta vare på bimboane sine. Oppdraga og måla har moralsk tyngde og lærer barna om den verkelege verda, seier han til The Guardian.