Unngå snøskred med snøskredskart

<span style="width: 223px" class="picture_w_text toprightfloatingimage"><span>Slik blir dei nye aktsemdskarta for snøskredfare sjåande ut. (Utsnitt henta frå prøvekart, NGU).</span></span>
Slik blir dei nye aktsemdskarta for snøskredfare sjåande ut. (Utsnitt henta frå prøvekart, NGU).

Eigne kart viser no kvar snøskredfaren er størst.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

No lanserer Noregs geologiske undersøking (NGU) kart som avslører kvar snøskredfaren er størst.

- Aktsemdskarta skal fortelje kor dei fysiske forholda i terrenget tilseier at det kan gå snøskred. Kor stor fare det faktisk er, er avhengig av fleire tilhøve - ikkje minst vêr og vind, seier forskar Kari Sletten ved NGU til Nordlys.no.

Avanserte terrengmodellar og analysar av data frå heile landet, har hjulpe fagmiljø i Noreg til å samarbeide om det omfattande kartverktøyet. Karta vil viser start og slutt for potensielle snøskred.

- Ein god porsjon fornuft og erfaring, saman med NGUs aktsemdskart og snøskredvarsel frå Meterologisk institutt, vil gje dei beste føresetnadene for å styre utanom snøskred i fjellet. Men det kan aldri bli gjeven garantiar, understreker spesialrådgivar Jan Høst ved NGU til avisa Nordlys.

Det er få område som tidlegare har vore kartlagd for potensiell snøskredfare.

NGU har vidare planar om å utvikle ein serie tilsvarande landsdekkjande kart for andre skredtypar, som steinsprang, jordskred og flomskred.

Prosjektet er eit samarbeid mellom NGU, Norges Geotekniske Institutt, Noregs Vassdrags- og energidirektorat, Statens vegvesen, Jernbaneverket og Universitetet i Oslo.

Les også: - Ekstrem skredfare i påskefjellet

Personvernpolicy