Ekstrem skredfare i påskefjellet

Leitemannskap etter eit snøskred på Svalbard. Foto: Kolbein Dahle / Sysselmannen / SCANPIX
Leitemannskap etter eit snøskred på Svalbard. Foto: Kolbein Dahle / Sysselmannen / SCANPIX
Artikkelen fortsetter under annonsen

Raude Kross fryktar fleire snøskred denne påsken. Å ta sjanser kan vere dødsfarleg.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Denne påsken er det svært stor skredfare i Ryfylke, Hunnedalen og Sirdal.

- Snøskredfaren er no nesten ekstrem enkelte stader. Risikoen varierer. Er du ikkje sikker på tilhøva der du er, så ligg unna. Det er ingen spøk å tulle med snøen, seier Lars Reidar Fosstveit, dagleg leiar ved Sauda skisenter til Aftenbladet.no.

Måndag blei ei 17 år gammal jente redda ut frå eit skred ovanfor det øvste trekket i skianllegget i Svandalen i Sauda. Ho skal ha lege under snøen i ti minutt.

Øyvind Markel ved Rogaland Raude Kross sin informasjonssentral i Hunnedalen er bekymra for skredfaren i påskefjellet.

- Det har kome mykje tung snø. Mildvêr fører til fuktigheit i snølaga, noko som auker skredfaren. Nokre stader er det ekstrem fare, seier Merkel til Aftenbladet.no.

Vind som har bygd snøfonner, gjer risikoen endå større.

- Folk i fjellet må ta omsyn og tenkje seg om, anten skredfaren er stor eller liten, seier Markel i Rogaland Raude Kross.

Kjelde: Aftenbladet.no