Simon Beckett: «Skrevet i bein» (Gyldendal Forlag 2008, 336 sider)Må alt repeteres?

Artikkelen fortsetter under annonsen

Simon Beckett gir lesaren litt for mykje blod og svidd flesk i årets påskekrim

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Journalist og trommeslager Simon Beckett er ein av Storbritannias nye, hardtslåande krimforfattarar. Hans bakgrunn både frå The Times, The Daily Telegraph skulle tyde på at Beckett har skrivekunnskapane i orden. Men sjølv om bakgrunnen til forfattaren gir lovnader om både allsidigheit, klokskap og nytenking, innfrir ikkje denne «cv-en» i «Skrevet i bein».

Dette er den andre boka i serien om rettsmedisinar David Hunter. Denne gongen vert Hunter utplassert meir eller mindre motvillig på ei forblåst øy ytterst i havgapet i Hebridene. Øya Runa er nærmast fråflytta, men det skal vise seg at det vesle lokalsamfunnet har nok av spenning å by på.

Blodig «puzzle»

I ei hytte som ikkje viser teikn etter brann blir det funne eit lik, halvvegs gjort om til aske og med knust hovudskalle. Tilbake står ei ubrent hand og to uskada føter. Dette er utgangspunktet for mysteriet Hunter tek fatt på.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

På grunn av ei stygg ulukke i meir sentrale delar av landet, ei ulukke som krev det meste av britisk etterretningskompetanse, er rettsmedisinar David Hunter mutters aleine om å finne ut av den grufulle hendinga, med unntak av spisskompetansen til ein pensjonert, upopulær, etterforskar og det forfylla og urutinerte lokale politiet. Sjølvsagt byr dette samarbeidet på komplikasjonar.

Eit mord kjem sjeldan aleine. Særdeles dårleg vær aukar i takt med fleire grufulle og mystiske mord i det vesle øysamfunnet. Kontakt og all kommunikasjon med fastlandet blir (sjølvsagt) brutt etterkvart som stormen, overfall og mordbrannar blussar opp. Men den dyktige Hunter har sjølvsagt meir kunnskap enn «berre» rettsmedisin, han har i tillegg nysgjerrigheit, blanda med god gammaldags magekjensle. Sakte, men sikkert puslar han dei blodige bitane saman. Og det på trass av si eiga smertefulle historie, som blir vekka til live under etterforskninga og i pirkinga i forbrente lik.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Alt etter boka

«Skrevet i bein» har det meste av det ei god krimbok skal innehalde. Ein etterforskar som ofrar «alt» for jobben, inkludert kjærleik, helse og nattesømn. Flotte, sjølvstendige og mystiske kvinner med ei eiga sørgmodig historie på lur, samt hemmelige referansar. Brann, blod, knivar, og lik plassert i dei merkelegaste stader, samt innvikla tekniske bevis som krev kreative løysningar både frå mordar og etterforskar. Det gjer at historia blir truverdig, midt oppe i alt blod og griseri.

Det er i grunnen ei god historie Simon Beckett fortel. I alle fall i byrjinga. Men dei stadige cliffhangere som øydelegg meir enn dei skaper lesarglede. Når de fleste av de 27 kapitla rundar av med: «...så reiste skyggen seg fra bakken og gikk langsomt av sted i mørket», «.. og natten sendte meg ut i mørket igjen» og « ..for den natta kom stormen» blir det i overkant litt for mykje. Den eine «teaseren» slår den andre ihjel og blir til parodiar på eige drama.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølv om historia til karakterane er innhaldsrik og alt heng saman til punkt og prikke, er det nesten litt for mykje av det gode til tider. Denne punkteligheita gjer at eg tek meg sjølv i å galant hoppe over eit avsnitt eller to til tider, for å kome vidare i historia.

I tillegg til disse unødvendige avslutningane, har ein på slutten av boka nærmast kjensla av at det aldri skal ta slutt. Overraskelsemoment på overraskelsemoment dukkar opp, og til slutt vert det litt for mykje av det gode. Det er rett og slett litt «ulv, ulv», som om Beckett har smurt på med litt vel irriterende mykje smør på flesk gjennom heile boka, for å understreke at dette er ei krimbok, i tilfelle nokon skulle tru noko anna.

Offer for klisjear

Den gode historia blir offer for klissete klisjear som en velskrivande mann som Beckett bør halde seg for god for. Og dermed har den blodige historia ein tendens til å forsvinne til fordel for krimklisjear ein godt kunne klare seg utan. Det er synd, for boka har både potensiale og alle forutsetnader for å vere årets påskekrim.

Les flere litteraturanmeldelser i ABC Nyheter

ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur