Vis turvett i påsken

Ein tur i fjellet kan by på mange overraskingar, og godt utstyr kan vere avgjerande. (Foto: flickr.com)
Ein tur i fjellet kan by på mange overraskingar, og godt utstyr kan vere avgjerande. (Foto: flickr.com)
 
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ullundertøy, varm drikke og ein spade er mellom dei viktigaste ingrediensane til påsketuren, melder Den Norske Turistforening.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Fjellvettreglane:

1. Legg ikkje ut på lange turar utan trening

2. Meld frå kor du går

3. Vis respekt for vêret og vêrmeldinga

4. Lytt til erfarne fjellfolk

5. Ver rusta mot uvêr og kulde sjølv på korte turar. Ta alltid med ryggsekk og det utstyret som trengs i fjellet. På lengre turar: Ha alltid med spade.

6. Hugs kart og kompass

7. Gå ikkje åleine

8. Vend i tide. Det er ingen skam å snu.

9. Spar krefter og grav deg ned i snøen om nødvendig.

- Du treng ikkje dra like mye med til ein kort dagstur i påskefjellet, som viss du skal gå frå hytte til hytte, informerer Nils Bloch-Hoel i Turistforeningen.

Likevel kan det bli avgjerande for deg at du har det rette utstyret med deg, skulle du kome på avvegar eller bli overraska av dårleg vêr.

Spade, sitjeunderlag, kart og kompass, litt førstehjelpsutstyr og ei skift med tørre klede må du ha med til ein kort dagstur. Som eit minimum bør du i alle fall ha ekstra ullsokkar.

Spar på drikka

Vidare kan det vere lurt å ha ein tynn sovepose med slim at ein er førebudd viss nokon skadar seg.

Cluet er sjølvsagt å alltid kunne halde seg varm, og ein skadd person kan ha stor nytte av ein sovepose rundt seg som isolasjon, eller som ei reserveløysing: to boblejakker knytte saman med glidelåsen.

- Mat og varm drikke høyrer sjølvsagt med, fortel Bloch-Hoel, og kjem med følgjande råd: Viss de er ein gjeng som går tur saman, kan det vere taktisk lurt at i alle fall ein i laget sparar på den varme drikka si slim at de har litt å gå på viss situasjonen blir alvorleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ull er best

Det er dessutan lurt å tenkje gjennom kva klede du har på deg når du går på tur. Superundertøy er vel og bra så lenge du er i rørsle, seier Bloch-Hoel, men det held deg ikkje varm når du er i ro. Då er det berre ull som gjeld, ulla held deg varm sjølv om du blir våt.

- Vårt inntrykk er at nordmenn flest er flinke til å kle seg og oppføre seg fornuftig i fjellet. Men ein del utanlandske turistar kan vere rimeleg lite førebudde på forholda i det norske påskefjellet.

Ikkje mobil-dekning

Når det gjeld mobil, meiner Turistforeningen at det kan vere lurt å ha han med, men du må ikkje stole fullt og heilt på at mobilen skal redde deg ut av ein skummel situasjon.

- Første bod er at du har full-lada batteri, og så må ein vere klar over at det er svært mange plassar i fjellet som er utan dekning.

I fjor måtte Røde Kors yte hjelp til 222 menneske som var sakna eller ikkje greidde kome seg ut av fjellet ved eiga hjelp, syner hjelpeorganisasjonens eigen skadestatistikk. Fire menneske omkom i påskefjellet i 2007.


Den norske turistforenings tips og råd til fjellturen