Påskeegg gir nytt liv

Påskeegg gir nytt liv
Påskeegg gir nytt liv

Visste du at påskeegget er eit symbol på nytt liv og livskraft?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Foto:
Flickr.com

Egget som symbol for påskefeiringa er urgamalt, og er eit mykje brukt bilete på nytt liv og grøde. Våren var også tradisjonelt tida då hønene byrja å legge egg att.

Egget bringer lukke

I kristen tradisjon er også egget eit symbol på Jesu oppstanding og nytt liv. Pynting av egg til påske er også ein skikk med lange tradisjonar. Det eldste egget som er funnet er frå om lag 300 e. Kr. Opphavleg skulle dei dekorerte egga bringe lukke og beskytte mot onde ånder.

I mange kulturar er det haren som kjem med dei noko uvanlege og fargerike egga. Men det finst også andre tradisjonar, til dømes i Westfalen er det ein rev og i Sveits ein gauk som bringer egga. I norsk tradisjon høyrer ein også somme gonger om ei påskehøne.

Legendene om egget

Det finst mange legender som fortel kvifor me har egg til å feire påske med. Ein av dei fortel at Jomfru Maria gav egg til dei romerske soldatane som krossfesta Jesus og bad dei vere mildare. Tårene hennar fall på egga og gav dei vakre flekkar i fleire fargar. Ei anna forteljing frå Ukraina viser til at verda skal fortsetje så lenge folk held på tradisjonen med påskeegg. Men dersom dei sluttar med det, vil ein orm som til no har vore lenka fast, øydelegge verda.

Ein kjent tradisjon her i landet er å arrangere gøymeleik der borna skal leite etter påskeegg som påskeharen har gøymt unna.

Kjelde: Wikipedia.org og Sidene.no

Personvernpolicy