Meir kultur i kyrkja

Kyrkjekonsertar, utstillingar og påskemåltid er noko av kulturarrangementa kyrkjene byr på i påsken. (Arkivfoto: Judith Sørhus Litlehamar)<br><p> </p>
Kyrkjekonsertar, utstillingar og påskemåltid er noko av kulturarrangementa kyrkjene byr på i påsken. (Arkivfoto: Judith Sørhus Litlehamar)
 

Det er stor aktivitet knytt til kyrkjene i påsken, men mykje av det som føregår er ikkje nødvendigvis ein del av ei gudsteneste.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

- Vi ser at kyrkja i stadig større grad tilbyr kulturelle opplevingar som konsertar og utstillingar i tillegg til den vanlege kyrkjelege aktiviteten, både i påsken, men og elles, seier forskar Ida Marie Høeg ved Stiftelsen Kirkeforskning.

I Oslo kan ein til dømes vere med på ei felleskyrkjeleg korsvandring, påskemåltid og konserter, medan bergenskyrkjene lokkar med kunstutstilling og musikkgudsteneste. Denne aktiviteten vil stort sett føregå i palmehelga og i tida før og etter den stille veka.

- Dette at kyrkja bruker påskehøgtida til å opne for kulturen er nok framleis mest eit byfenomen, seier forskaren.

Færre i kyrkja

Høeg seier at ein med dette opplever ein markant overgang frå den veldig stille påskeveka til ei høgtid som ber meir preg av aktivitet. Samstundes viser statistikken at kyrkjene tilbyr stadig færre gudstenester i løpet av eit år. I 2006 kunne Den norske kyrkja tilby 23,10 gudstenester per 1000 innbyggjarar, medan tilsvarande tal for 2007 er 22,69, viser ferske tal frå Kostra.

Høeg meiner dette for ein del heng saman med korleis kyrkjene vel å organisere gudstenestetilbodet sitt. Mange kyrkjer vel no å ha gudsteneste anten på skjærtorsdag eller på langfredag i staden for båe dagar, slik det har vore tradisjon for før. Det same gjeld for 1. og 2. påskedag og likeeins 1. og 2. juledag.

Det finst ingen oversikt over kor mange nordmenn som oppsøker kyrkja i påsken spesielt, men ny statistikk syner at nordmenn jamt overgår mindre i kyrkja. I 2007 gjekk kvar nordmann gjennomsnittleg på 1,54 gudstenester på søndagar og heilagdagar, mot 1,56 året før.

Prioriterer annleis

Seniorrådgjevar i Den norske kyrkja, Per Tangaard, kjenner til tala, men ønskjer å understreke at dette er veldig førebelse tal. Ikkje all data er henta inn for 2007 enno. Det er og slik at aktivitetar i kyrkja og menigheitshusa som er av meir kulturell enn kristen karakter ikkje blir registrert og talde på same vis som oppmøte på gudsteneste.

- Men vi er klar over at det er færre gudstenester å gå til og at det dermed blir færre nordmenn som går i kyrkja.

Tangaard er samd i Høegs grunngjeving for kvifor kyrkja tilbyr færre gudstenester. Samstundes opplever kyrkja at nordmenns moderne fritidsmønster og helgemønster også gjer seg gjeldande.

- Tidlegare var nok folk meir heime i helgene og gjekk til gudsteneste på søndagar. No har vi hytter og båtar og reiser på helgetur til familie og venner. Gudsteneste er noko vi går til meir i samband med dåp, vigsler og slike ritual, meiner Tangaard.

Personvernpolicy