- Kvinnedagen er viktig

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg trur kvinnedagen 8. mars står sterkare i dag enn nokon gong, seier redaktør i feministbladet Fett, Siri Lindstad.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lindstad held fast på at kvinnedagen, også hundre år etter den første markeringa i 1908, framleis er ein merkedag for kvinnekamp og fokusering på kjønnspolitiske spørsmål.

Siri Lindstad meiner 8.mars framleis er viktig for kvinnekamp og likestilling. (Foto: Ellen Ugelstad)Siri Lindstad meiner 8.mars framleis er viktig for kvinnekamp og likestilling. (Foto: Ellen Ugelstad)

- Sjå berre på dei store markeringane i storbyane, som til dømes arrangeringa av Ladyfest i Oslo, som varer ei heil veke. I mitt miljø deltek dei fleste på markeringar 8. mars, seier ho til ABC Nyheter, og viser til at ein treng meir enn ein dag når ein skal fokusere på kvinnekamp.

Mangfald av kvinnesaker

Sjølv skal Lindstad delta i debattpanel på Rockefeller 8. mars , og får ho tid vil ho gjerne gå i tog. Det viktigaste er å fronte likestilling og kvinnekamp.

- Etter mi meining er mangfaldet av kjønnsrelaterte saker viktigare enn ei spesiell. Kva som er den viktigaste saka er veldig avhengig av kven du spør, men foreldrepermisjon og innvandringspolitikk står sentralt for min del, seier redaktøren.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Også professor i kjønnsforsking ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking i Oslo, Beatrice Halsaa meiner kvinnedagen er viktig, også i 2008.

- Det er eit godt høve til å kome saman og løfte fram diskusjonar og problemstillingar rundt kjønnspolitiske tema, meiner ho. Halsaa meiner kvinnedagen i dag vert brukt som ein kampdag for aktivistar innan kvinnepolitikk, og til å synleggjere viktige spørsmål. Ho har sett store endringar i korleis dagen vert markert, frå 1970-talet og fram til i dag.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Krev likelønn

- På 70-talet var demonstrasjonstoget den viktigaste delen av markeringa. I dag er det mange som har droppa toget. Noko ved likestillingskampen er ikkje så kontroversiell som før. Samstundes er det mange fleire kvinner i dag som gratulerer einannan med dagen, meiner ho.

Beatrice Halsaa trekk fram vald mot kvinner, likelønn og sjølvstendig rett til å bli i landet for innvandrarkvinner som kjem via familiegjenforeining som viktige saker for 8. marsmarkeringa.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det er ikkje rett når kvinner etter eit langt liv i arbeid sit att med mindre pengar enn mannen. Dei færraste ligg på sofaen eit langt liv, seier Halsaa som også sit i arbeidsutvalet til Norsk Kvinnesaksforening.

I Oslo, Trondheim, Tromsø og Bergen har det blitt arrangert Ladyfest denne veka med avslutning på sjølve kvinnedagen 8. mars. Ladyfest kjem opphavleg frå USA og set feminisme og likestilling på agendaen.

Les meir om Ladyfest her.