Æresdrap og blodhemn i Oslo

Pia Tjelta har hovudrolla som norsk-pakistanske Elektra, i stykket med same namn som har premiere på Centralteatret 11. mars. (Foto: Adrian Langset).
Pia Tjelta har hovudrolla som norsk-pakistanske Elektra, i stykket med same namn som har premiere på Centralteatret 11. mars. (Foto: Adrian Langset).
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein gresk hemntragedie frå oldtida er aktuell i eit Oslo der æresdrap og blodhemn framleis eksisterer, meiner regissør Erik Ulfsby.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Fakta «Elektra»:

* «Elektra» er Oslo Nye Teaters største prosjekt i Mangfaldsåret 2008, og er ei vidareføring av teatret si satsing på å spegle den mangfaldige kulturen i Oslo.

* I gresk mytologi var «Elektra» dotter av Agamemnos og Klytaimnestra. For å hemne farens død, fekk ho broren Orestes til å drepe mora og elskaren hennar Aigisthos.

* Sofokles, fødd rundt 496 f.Kr., er ein av dei største tragedieforfattarane frå den greske antikken. Han skreiv skodespelet «Elektra» (409 f.Kr.) og truleg 122 andre teaterstykke, men berre 7 er bevart. Det mest kjende stykket hans i dag er «Kong Ødipus».

* «Elektra» er no omskriven til norsk verkelegheit, nesten 2500 år etter at originalen såg dagens lys.

* Sentrale element i stykket er æresomgrep og blodhemn.

* Erik Ulfsby har regien. Pia Tjelta toppar rollelista i tittelrolla, saman med Lisa Tønne og eit lag av skodespelarar med ulik etnisk bakgrunn.

* Stykket har premiere på Centralteatret i Oslo tirsdag 11. mars.

Regissør Erik Ulfsby. (Foto: Adrian Langset)Regissør Erik Ulfsby. (Foto: Adrian Langset)

- Vi har tatt ei eldgammal historie og gjort ho moderne. Dette er eit hemndrama i tradisjon frå «Hamlet» og dei gamle greske tragediane. Det som er nytt, er at handlinga er lagt til Oslo anno 2008, til eit norsk-pakistansk miljø, der hemnbegrepet, ære og gjenoppretting av ære framleis står sterkt, fortel regissør Erik Ulfsby til ABC Nyheter.

Ulfsby er mannen bak fjorårets suksessforestilling «Bollywood Ibsen - Fruen fra Det indiske hav», og som no er aktuell med forestillinga «Elektra» på Centralteatret i Oslo.

Jenta på 7-Eleven

Sofokles skreiv den berømte tragedien i år 409 f.Kr. No, nesten 2500 år seinare, har Petter Rosenlund nyskrive stykket til dagens Oslo, der det finst unge jenter som får liva sine dikterte av andre, og der brutale og eldgamle tankar kring æresomgrepet og blodhemn framleis eksisterer i enkelte miljø.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Elektra er den typiske Oslo-jenta du ser på t-banen eller møter på 7-Eleven, seier regissøren, som hadde eit ønskje om å lage ei teatral ramme rundt tema som elles berre får sensasjonsoppslag i pressa.

- Eit betydeleg antal jenter forsvinn kvart år, og ingen veit kvar dei blir av. Denne trusselen heng også over Elektra og systera hennar i stykket, dei blir truga med å bli sendt tilbake til Pakistan om dei blir «altfor vestlege».

Dødsspiral

Dramet utspeler seg etter farens død, då Elektra får mistanke om at det er moras nye ektemann som står bak dødsfallet. Det blir starten på ein spiral av hemn og død.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Lisa Tønne, mest kjend frå stand up-scena, har ei av hovudrollene i tragedien. (Foto: Adrian Langset)Lisa Tønne, mest kjend frå stand up-scena, har ei av hovudrollene i tragedien. (Foto: Adrian Langset)

I rolla som Elektras meir fornuftige syster Kainat Kiran, finn vi Lisa Tønne (30). Tønne er mest kjend som stand up-komikar, og for stykket «Al Reza - Atter en konge». Ho speler også Solfrid i TV2-serien «Seks som oss».

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Dette er nytt for meg, å spele seriøst teater. Men livet som frilansar er hardt, så då Erik (regissøren Erik Ulfsby red.anm) ringde meg, sa eg straks ja. Eg visste kva eg gjekk til, for eg jobba med han i «Bollywood Ibsen - Fruen fra Det indiske hav», seier Lisa Tønne med eit smil.

Kontrollfrik

Lisa Tønne, som sjølv er fødd i Iran, håpar dei klarar å nå norsk-pakistanske grupper med stykket.

- Eg håpar vi klarar å røre nokon med denne oppsetjinga. Vi som jobbar med produksjonen har i alle fall satt oss nøye inn i problemstillinga, som kan verke fjern frå dei som lever ein vanleg, norsk kvardag. Vi har blant anna hatt Unni Wikan (professor i sosialantropologi og spesialist i æresdrap, red.anm.) på besøk.

Tønne fortel at det er rart å ikkje sjølv ha kontroll over arbeidsprosessen, vant som ho er til å skrive sine eigne tekstar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg er nok ein kontrollfrik som synest det er greitt å sjølv ha styringa på dei prosjekta eg jobbar med. Men no får eg ikkje alltid vilja mi, så eg har gått nokre rundar med Erik. Og av og til får eg det som eg vil, flirer Tønne.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Men eg likar å jobbe i eit ensemble. At eg ikkje står aleine, men har fleire å støtte meg på, kjennest veldig trygt og godt.

«Apollo møter cornflakes»

Alle skodespelarane skal stå på scena heile tida under oppsetjinga, som også inneheldt songar og musikk skriven av Atle Halstensen. Det tradisjonelle greske koret, som i dei antikke tragediane sto i bakgrunnen og kommenterte handlinga, var moraliserande og dømmande og gjerne egga til hemn, er med også i Erik Ulfbys versjon. Men her er det menneska i Elektras liv som dannar koret. Mora, venninnene som utgjer Elektras indre stemmer.

Regissør Erik Ulfsby hevdar han har halde fast ved grunnfabelen til det opprinnelege Sofokles-stykket, trass i moderniseringa.

- Det spesielle med denne tragedien er at ungdommane ikkje er modne nok til å handtere dei eksistensielle spørsmåla dei blir stilt overfor. Dette er «Apollo møter cornflakes», om du vil. Eit eksistensielt opus der rollekarakterane er umodne tenåringar, seier han.