Litterær bedragar avslørt

Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
 
Artikkelen fortsetter under annonsen

Skreiv sjølvbiografi om oppveksten i eit knallhardt gjengmiljø, som viste seg å vere løgn frå ende til annan. No får lesarane pengane tilbake.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Amerikanske Margaret Seltzer, som under pseudonymet Margaret B. Jones gav ut den påstått sjølvbiografiske boka «Love and consequences», er avslørt som bløffmakar.

Forfattaren hevdar i boka blant anna at ho er halvt indianar, og at ho har vakse opp som fosterbarn i eit knallhardt gjengmiljø i Los Angeles. Men nyleg blei det avslørt at ho i realiteten voks opp hos sine biologiske foreldre i ein fredeleg og trygg villaforstad.

Pengane tilbake

Geoffrey Kloske, forleggar i Riverhead Books som gav ut boka, sa tirsdag at forlaget og bokas redaktør Sarah McGrath hadde gjort det dei kunne for å sjekke Margaret Seltzers historie før boka blei publisert.

- Forfattaren har strakt seg langt for å halde sanninga skjult. Ho har til og med stilt opp med folk som har gitt seg ut for å vere fostersøskena hennar, fortel Kloske til The New York Times.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Margaret Seltzer skal også ha signert ein kontrakt der ho bind seg til lovnaden om å fortelje sanninga.

Ifølgje The New York Times har forlaget Riverhead tilbakekalla 19.000 eksemplar av boka og tilbyr lesarane som har kjøpt boka pengane tilbake.

Fotografi og brev

Margaret Seltzer skal ha fortald redaktøren at ho ønskte å bruke pseudonym B. Jones fordi dette var namnet ho var kjend under i gjengmiljøet og fordi ho var prøvde å gjenoppta kontakten med den biologiske mora - og var redd at det å bruke hennar verkelege namn kunne komplisere dette.

Alt dette var løgn.

Redaktøren, som aldri sjølv møtte forfattaren under dei tre åra ho brukte på boka, seier til The New York Times at Margaret Seltzer hadde gitt ho fotografi, eit brev frå ein gjenleiar som støtta historia hennar, og agenten, Faye Bender, skal ha møtt ein person som hevda å vere Seltzers fostersyster.

- Det var aldri nokon ingen grunn til å tvile på ho, seier agenten til avisa.