Verdas verste bynamn

Verdas verste bynamn
Verdas verste bynamn
Artikkelen fortsetter under annonsen

Turistar ler seg skakke når dei kjem til den austerrikske byen Fucking. Men lokalbefolkninga vil ikkje endre bynamnet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein liten landsby med 93 innbyggjarar nær Salzburg i Austerrike har eit namn som det er vanskeleg å la vere å slå vitsar om.

Byen, som sidan 1070 har hatt namnet Fucking, er oppkalla etter mannen som grunnla byen i det 6. hundreåret, Fucko. Den germanske -ing-endinga indikerer at dette er staden der Fockos folk stammar frå. Slik oppstod namnet Fukcing.

Det er særleg engelske turistar som skal finne bynamnet hysterisk morosamt, og byskiltet skal ha blitt stole eit utal gonger. No håpar lokalbefolkninga at ein meir robust konstruksjon støypt i sement skal hindre fleire tjuveri.

Ifølgje nyheitsbyrået AFP, som har vitja den vesle byen, er lokalbefolkninga lite opne for skjemtord på byens kostnad.

Ein lokal turistguide hevdar at det tilsynelatande berre er britar som er platte nok til å fokusere på det noko spesielle bynamnet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Tyskarane vil sjå Mozarts hus i Salzburg. Amerikanarane er berre opptatt av «The Sound of Music». Turistar frå Japan vil sjå Hitlers fødestad i Braunau. Men for britane handlar alt om Fucking», seier Andreas Behmüller til AFP.

Og ein lokal kroeigar kan fortelje følgjande:

«Så seint som i morges måtte eg fortelje ei engelsk kvinne at vi ikkje har noko Fucking postkort.».

Ifølgje Wikipedia blei det i 2004 halden ei avstemming om ein skulle endre bynamnet. Dette blei avvist av innbyggjarane.