Full fyr i Sauda

Full fyr i Sauda
Full fyr i Sauda
Artikkelen fortsetter under annonsen

Saudafjellet sprakte då kultur og natur møttest i ein kaskade av fart, farge og vill akrobatikk i Mot Himlaleite. Etterpå var Mary Miller nesten stum av begeistring.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nesten 1000 publikummarar sukka og gispa høgt lfrå snø-tribunen under den timelange premieren på førestellinga Mot Himlaleite i Sauda torsdag kveld.

Høge hopp, ein akrobat på handståande kjelketur, dansarar i militærstøvlar og fargesprakande kostyme kombinert med 3-dimensjonale blomar projiserte på snø var sterk kost for såvel Saudabuar som tilreisande.

Stort apparat

Dansarar i eit uvant element: snø!Dansarar i eit uvant element: snø!

- Å sitje her i kveld og sjå alle desse flotte tinga som skjer, det er nesten som eit mirakel, sa ein nøgd Stavanger2008-driektør Mary Miller til ABC Nyheter etter at dei hundre dansarane, skiakrobatane, jibbarane og songarane var ferdige og publikum var på veg til fots eller på ski ned frå fjellet att.

- Dette kunne bli muleg fordi kommunen hadde så god tru på prosjektet, fordi vi hadde den beste prosjektleiinga og sjølvsagt med mykje pengar, meinte Miller. Himlaleiteproduksjonen har kosta 9,5 millionar kroner og har vore eit spleiselag mellom Sauda kommune og Stavanger2008.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Over 900 friviljuge har delteke i førebuingane undervegs, saman med mellom andre det kunstnariske teamet Anne Grete Eriksen og Leif Hernes som og koreograferte opnings- og avslutningsseremonien under OL på Lillehammer i 1994.

Ikkje til å tru

Saudaordførar Laura Seltveit var ikkje mindre nøgd med kvelden enn Stavanger2008-generalen.

- Så masse kjekke kunstnarar som speler på lag med naturkreftene på denne måten. Det er mest så eg ikkje trur at det kan skje her.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sauda-ordførar Laura Seltveit var fornøgd etter premieren.Sauda-ordførar Laura Seltveit var fornøgd etter premieren.

Då det vart klart at Sauda kommune skulle vere vertskap for Mot Himlaleite, gjekk Seltveit personleg ut og oppfordra alle innbyggjarane til å delta med det dei kunne av ressursar.

Det har gjort at folk har delteke med alt frå matlaging og skiløypepreparering til utlån av husvære. Sjølv har Seltveit vore med og spadd snø i tribunn og no før premiera stod ho i porten og ønskte kvar og ein publikummar velkommen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vêrgudane smilte

- Sauda har fått vore del av noko så stort som vi aldri har vore med på før og vi har lært mykje. Når vi først sa vi ville vere med på dette, så gjorde vi det skikkeleg, seier Seltveit som skal stå i porten med ordførarkjedet på og helse velkommen ved dei resterande førestellingane i helga.

Vêret har ikkje vore på lag med produksjonen til no. Det har vore store mengder snø, regn, tåke og så sterk vind at heimevernet på eit tidspunkt var kalla ut for å beskytte arenaen. Men på premeierkvelden var det opphald og iskaldt.

- Kunne ikkje vore betre enn dette, smiler Saudaordføraren