Litteraturfestival til folket

Litteraturfestival til folket
Litteraturfestival til folket

Gyldendal Forlag opnar dørene for grasrota.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Gyldendal Forlag skriv forlagshistorie når dei i dag opnar kopardøra inn i det aller heilagste for publikum. Tidlegare representerte denne døra ærefrykt og den store avstanden mellom forlagsbransjen og forfattarar, men frå i dag skal dette vere endra.

Gyldendalhuset er base for eigen festival, og det designteikna forlagshuset vil huse eit syttitals forfattarar og andre aktørar i tillegg til publikum.

Og det er ikkje berre litteratur som står på programmet. Det skal bli reine Rock'n Roll tendensar heile helga til ende på Sehestedsplass i Oslo.

Det er arkitekt Sverre Fehn som står bak det nye Gyldendalhuset, som nyleg blei kåra til «Årets hus 2007». Desigerens særmerkte stil, saman med nytt og gamalt, er gjennomgåande i heile huset, og det var også ein av tinga som vart lagt vekt på frå juryen si side i avgjerdsla.

Vil knuse mytene

- Ved å opne døra for publikum og invitere folket inn, prøver vi å knuse myten om ei lukka forlagsbransje, fortel Bjarne Buset til ABC Nyheter på pressekonferansen for lanseringa av festivalprogrammet sist veke.

- Med denne festivalen presenterer vi litteratur som ei totaloppleving innan litteratur, det blir mest som ein variant av Bok i Sentrum.

Programmet er allsidig og heile den nye flotte huset vert teke i bruk disse dagane. Du kan møte justisminister Knut Storberget og forfatter Herbjørg Wassmo til ein samtale om litteratur og politikk.

Du kan få ein smakebit på Simon Stranger, Nikolaj Frobenius og Thomas Marco Blatts komande bøker. I restauranten stiller til dømes Trond Moi og Ingrid Espelid Hovig med både god mat og drikke, Levi Henriksen og Sturle Brustad speler bass, sjøormen Ruffen kjem og Knut Faldbakken, Kjetil Try og nyprisvinnar Jørgen Gunnerud fortel om skurkar, heltar og arbeidsmetoder.

I tillegg kjem Eva Joly, Johan Harstad, det blir Prøysenviser og diskusjon om galskapen - som bur i oss alle.

Kaoskontroll?

Under festivalen er alle dei tilsette ved Gyldendal Forlag i aksjon, og publikum møter dei alle inne i huset. Det vert også mogleg for forfattarspirer å møte redaktørar, og til og med få levere inn sitt eige manus.

Manuskontrollen er eit resultat av at forlaget opnar huset og vil gi eit innblikk i kva som skjer bak dørene på eit forlagshus.

- Vi vil gjerne syne kjerneverksemda vår, og då kom Manuskontrollen opp som eit døme på dette, fortel Trude Rønnestad, redaktør for norsk skjønnlitteratur i Gyldendal.

Om du drøymer å bli forfattar kan altså dette vere din store sjanse. Redaktørar frå dei ulike redaksjonane tek imot manus frå i ettermiddag klokka fire til sju. Då kan du fortelje kven du er og kva du har skrive. Er du blant dei ti heldige som vert plukka ut, kan du allereie laurdag få eit eksklusivt møte med ein redaktør og få tilbakemelding på verket ditt. Kanskje er det du som blir forfattar denne gongen?

Sjå program og les meir om Gyldendal-dagene 6-9 mars

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus