Fornærma tenåring drap familien

<p>Huset til familien brann ned til grunnen. Berre faren og familiens hund overlevde drapsraidet til tenåringane. (Foto: AP/Scanpix) </p>
Huset til familien brann ned til grunnen. Berre faren og familiens hund overlevde drapsraidet til tenåringane. (Foto: AP/Scanpix)

Blei nekta å vere saman med kjærasten - fekk leigemordarar til å ta livet av familien.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Ei ung jente i småbyen Alba, Texas, reagerte ein smule meir opprørsk enn andre tenåringar då foreldra hennar nekta ho vere saman med kjærasten, 19 år gamle Charles Wilkinson, melder nyheitsbyrået AP.

Laurdag fekk sekstenåringen med seg kjærasten sin og to venner, Charles Allen Waid (20) og Bobbi Gale Johnson (18). Deretter gjennomførte dei ei regelrett nedslakting av familien. Mora Penny Caffey og jentas to brødre, Mathew (13) og Tyler (8), blei alle drepne. Huset til familien blei sett i brann, og lika blei funnen i den rykande askehaugen.

Faren til sekstenåringen, Terrey Caffey, overlevde, takka vere at han klarte å krype om lag 275 meter gjennom ein skog, over til naboen og fekk slått alarm - og det er etter at han skal ha blitt skoten fem gongar.

- Vi er sikre på at motivet var at dottera var saman med ein av personane som no er arrestert, og at foreldra hadde forsøkt å få dei til å avslutte forholdet, seier sheriff David Taylor til AP.

Kausjonen er satt til 1,5 millionar dollar for kvar av dei varetektsfengsla.

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus