Redd for attentat mot Obama
Fleire og fleire er no uroa over tryggleiken til Barack Obama.
Kampen om å bli demokratane sin presidentkandidat i valet til hausten står mellom Hillary Clinton og Barack Obama.
Og etterkvart som populariteten til Obama veks, veks òg frykta for at han skal bli utsatt for eit attentat, skriv Dagens Nyheter. Både politikarar og veljarar skal vera uroa over tryggleiken rundt senatoren i Illinois.
Droppa våpenkontroll
Det er særleg tryggleiken rundt ein opptreden Obama gjorde på Reunion Arena i Dallas i førre veke som har skapt bekymring.
17 000 tilskodarar var tilstades på møtet. Og då køane utanfor tetta seg til, gav Secret Service ordre til det lokale politiet om å lata folk sleppa inn utan å gå gjennom metalldetektorane som var sett opp.
Dette førte til at mange tusen kom inn på stadionen utan at det blei sjekka om dei hadde med seg våpen.
I tillegg til Secret Service, som har verna Obama sidan mai i fjor, har staben rundt han óg leigd inn private tryggleiksvakter. Av presidentkandidatane er det berre Barack Obama og Hillary Clinton som blir passa på av Secret Service.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsenUnikt kandidatur
Den seinare tida er det mange som ha peikt på kor utsatt og sårbar Obama er i store forsamlingar, lik den i Dallas. På kvart valmøte samlar det seg titusentals tilhøyrarar, og stadig fleire samanliknar Obama med John og Robert Kennedy.
Tidlegare denne veka uttrykte kongressmannen Bennie Thompson uro over tryggleiken til Obama i New York Times.
Han er spesielt bekymra på grunn av det kan kallar eit unikt kandidatur - at Obama kan blir den første afroamerikanske presidenten i USA. Thompson er særleg redd for at «hatet frå enkelte medborgarar kan føra til fryktelege valdshandlingar».
Populariteten aukar
Det kjem stadig nye bevis på Obama sin politiske framgang i kampen mot Hillary Clinton. Dette viser seg på ulike måtar.
Til dømes har den afrokamerikanske kongressmannen John Lewis, som hittil har vore rekna som ein Clinton-tilhengjar, offentleg kunngjort at han støttar Obama.
I tillegg kjem framgangen til syne gjennom auka bidrag til kampanjen til Obama, på meiningsmålingar og i støtte nettopp frå framståande politikarar.