Vil selje Muhammed-karikatur

Kurt Westergaard er karikaturteiknaren som teikna profeten Muhammed med ei bombe i turbanen. No vil han selja karikaturen. (Foto: Scanpix)
Kurt Westergaard er karikaturteiknaren som teikna profeten Muhammed med ei bombe i turbanen. No vil han selja karikaturen. (Foto: Scanpix)
 
Artikkelen fortsetter under annonsen

No vil karikaturteiknar Kurt Westergaard tene pengar på teikninga av profeten Muhammed med ei bombe i turbanen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kurt Westergaard (72) er den danske karikaturteiknaren som har fått muslimar verda over til å reagere og trua han på livet. No vil dansken prøve å gjere pengar på teikninga si. Målet skal vere å bli anerkjend for arbeidet sitt. Og sjølvsagt tene nokre kroner til barn og barnebarn, skriv The Wall Street Journal.

- Eg likar å tru at teikninga har ein viss verdi. Det er eit symbol for demokrati og ytringsfridom, seier Westergaard.

Som Che Guevara og Marilyn Monroe

Kva teikninga – som for tida er låst inne eit bankhvelv – er verdt, er det ingen som veit. Det var avisa Jyllands-Posten som var først ute med å publisere karikaturteikninga i 2005.

Karikaturen til Westergaard blir samanlikna med Andy Warhol sitt pop-art portrett av Marilyn Monroe.Karikaturen til Westergaard blir samanlikna med Andy Warhol sitt pop-art portrett av Marilyn Monroe.

Redaktør Flemming Rose samanliknar Muhammed-teikninga med biletet av Che Guevara i beret og Andy Warhol sitt pop-art portrett av Marilyn Monroe.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Karikaturen er eit stort kulturelt ikon for dette hundreåret. Det er som ein hit i musikkindustrien, og lager du ein hit, får du betalt, seier Rose.

Han trur vidare at Westergaard kan forvente meir for karikaturen enn dei $ 950 han så langt har tent på publiseringa i Danmark.

I 2005 blei ein mindre kjend Muhammed-karikatur selt for $ 2900 på ein internettauksjon. Men det var før det internasjonale opprøret mot «bombe-i-turbanen»-karikaturen, og før Westergaard måtte gå i skjul.

Sebastian Lerche er leiar for det største auksjonshuset i Danmark, Bruun-Rasmussen, og meiner det er heilt uvisst kva karikaturen eigentleg er verdt. Han vil heller ikkje teste marknaden.
- Me ser ikkje noko poeng i å fornærma millionar av menneske, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kan brennast i Mekka

Kona til Westergaard er pensjonert førskulelærar og ser gjerne at karikaturen blir øydelagt. Ho skal ha foreslått å selja han til ein velståande araber som igjen kan brenne teikningen i Mekka.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølv ser karikaturteiknaren helst at karikaturen blir verande i Danmark, og at han ikkje går opp i flammar. Men han vil altså svært gjerne selja.

Det er derimot ikkje mange kjøparar som har meldt si interesse.

Det Kongelige bibliotek i København vil gjerne ha både Westergaard sin teikning og andre Muhammed-karikaturar i samlinga si. Biblioteket vil ikkje stilla desse ut med det første, men ta vare på dei for framtidige generasjonar. Frå før har dei alt frå verk av H. C. Andersen og Søren Kierkegaard til skandinavisk porno i samlinga si.

Biblioteket vil helst ha karikaturen gratis, men kan vera villige til å bla opp ein mindre sum.

- Me kjem ikkje til å gå inn i noko budrunde med store kapitalistar, seier talskvinne Jytte Kjærgaard.

Risiko for hotell

Demonstrantar i Pakistan brann det danske flagget då danske aviser igjen publiserte karikaturen til Westergaard tidlegare i år .Demonstrantar i Pakistan brann det danske flagget då danske aviser igjen publiserte karikaturen til Westergaard tidlegare i år .

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det var i 2005 at Jyllands-Posten publiserte 12 karikaturteikningar av profeten Muhammed, og Westergaard sitt bidrag har utan tvil blitt det mest kjende.

For to veker sidan blei det kjendt skal ha forhindra eit planlagt drapsforsøk på Westergaard. 17 danske aviser publiserte då karikaturen hans ein gong til, i solidaritet. Og igjen blei det opprør i fleire muslimske land.

Westergaard lever framleis i skjul. Men med raude bukser, raude sokkar og raudt skjerf, er han visstnok ikkje så vanskeleg å få auge på. Eit av hotella han har gøymt seg på forlanga at sjekka ut, fordi dei rekna han som ein tryggleiksrisiko for heile hotellet.

Foto: Scanpix