Meny

Litterær fitt(e)stim

(Foto: Flickr.com)

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

- Synd om det går inflasjon i ordet «fitte», seier bokredaktør.

«Frognerfitter». «Bitter Fitte» . «Lesbisk nigger» . Filmmanus skifter navn til «Knullegutt». Kva ligg bak denne trenden med offentleg boltring med kjønnsord i litterære titlar? Er det ordet fitte som må til for å få selt bøker? Eller er det ei trong til å ramse opp stygge ord for å uttrykke noko på eit heller skakkjørt ordforråd.

Frittalande Frognerfitte
- I «Frognerfitter» er det ein slags organisasjon som jentene i boka opprettar, eller du kan vel nesten kalle det ein klubb, som faktisk heiter Frognerfitter. Ordet er på ein måte ironisk; det representerer det motsette av det disse jentene vil identifiserer seg med, nemleg sossemiljøet på Frogner og jentene der, fortel forfattar Alexia Bohwim til ABC Nyheter.

- Om ein les boka, forstår ein kvifor nettopp dette ordet blei tittelen.

- Kvifor trur du det er så mange som bruker desse vulgære orda i boktitlar og liknande?

- Eg trur det er heilt tilfeldig at det skjer no. Stygge ord og uttrykk har blitt brukt i generasjonar. Ord som «fitte» og «pikk» er ikkje nye akkurat. Til og med besteforeldra mine hadde eigne ord på folk som var «på kanten». Tittelen på boka mi er jo eit ord eg har fleipa med i åresvis. Det skildrer ei viss gruppe i samfunnet.

Bohwims litterere debut er blitt motteke på ulikt, både av lesarar og presse.

- Ordet fitte skaper reaksjonar, meiner Bohwim.

- Og det er jo eit utrulig stygt og forferdeleg ord! legg ho til. Det er berre ikkje like vanlig som «pikk» og «kødd». Personleg bruker eg ordet når eg skal ...ja, banne, innrømmer forfatteren.

- Men eg håpar at ordet fitte blir meir vanleg å bruke, legg ho til.

- Kvifor trur du fitte er eit ord som er verre å bruke enn «pikk» og «kødd»?

- Tja...Ho dreg på det. - Gutta vil vel at vi jenter skal vere snillare enn dei, derfor blir det ikkje like mykje brukt. Men det er jo eit vanleg ord. I Amerika er til dømes Fuck integrert i det amerikanske språket. Om eg skulle gått rundt og sagt ordet «fuck» like mykje og ofte som dei gjer i Amerika, hadde det jo blitt det same som at eg hadde gått rundt og sagt; din forp... hehe, nei, det går jo ikkje, ler ho i røret.

- Nordmenn er uansett veldig dobbeltmoralske når det gjelder språket sitt. Det heile er i bunn og grunn snakk om kva ein er van med.

- Var det salgsstrategisk lurt å kalle boka di nettopp «Frognerfitter»?

- Eg ser ikkje vekk ifrå at boka vil selje meir på grunn av tittelen. Men tittelen signaliserer også innhaldet. Dette er inga «lett bok», tittelen avvæpnar mykje av innhaldet og eg venta meg reaksjoner på boka på grunn av at eg valde akkurat «Frognerfitter» som tittel. Hadde boka vorten skriven av ein mann, hadde eg nok blitt kalla ein mannssjåvinist, ler Bohwim.

- Kva blir tittelen på di neste bok, ettersom du har sparka så inderlig hardt denne første gongen?

- Hehe, nei der blir fallhøgda enorm! Uansett kva eg kjem til å kalle mi neste bok så blir det ingenting i forhold til tittelen «Frognerfitter». Den blir aldri, aldri like «fet», uansett! svarar den frittalande forfattaren.

Feministisk Fitte
Versal forlags siste utgjeving er ein svensk debutroman som sel godt i nabolandet vårt. Boka «Bitterfitte» handlar om Sara som er 30 år «og allerede bitter. En skikkelig bitterfitte faktisk».

Redaktør Helen Bergvall var i tvil om den norske omsetjinga skulle halde på tittelen «Bitterfitte».

- Enkelte forfattarar vel titlar for å få merksemd rundt bøkene sine. «Bitterfitte» er ikkje slik, men jenta i boka vaknar opp ein dag og meiner sjølv at ho har blitt ei bitterfitte, altså ei «skikkelig kjærring», som har fått kvardagen midt i trynet. Denne boka er annleis, sjølv om ein kan rødme litt av tittelen. Men det er jo sjølvsagt synd om det går inflasjon i ordet «fitte».

- Men det er vel lett at bøker med liknande titlar kan bli samanlikna på grunn av dei inneheld dei same orda?

- Ja dette kan vere dumt, medgir ho, ettersom fleire av bøkene kan framstå som om dei har fått ein bråkete tittel nettopp for å skape merksemd.

- «Bitterfitte» har eit feministisk utgangspunkt der det er eit poeng med tabulagte ord. Jenter sjølv bruker ordet fitte for å ufarleggjere det. Slik frigjer ein også problematikken i boka. «Bitterfitte» handlar ikkje utprega om sex og seksualitet, men kva som skjer når unge er i etableringsfasen.

Og medan hovudpersonen i «Bitterfitte» kjempar for sjølvstendig frigjering og likestilling i familielivet, er jentene i «Frognerfitter» langt lenger ute og køyrer, på det personlege plan.

- Vi ønska oss ikkje boka «Frognerfitter» akkurat, men håpar sjølvsagt at den eine ikkje slår ihjel den andre, trass i titlane. Dette er jo to heilt ulike bøker etter kva eg har skjøna, og «Bitterfitte» er ei bok som speler på ulike sjangerblandingar og som er skriven av ein forfattar som skriv både sint og sårt om ulike tema frå feminisme anno 2008, seier Bergvall.

- «Jødepikk» er ikkje sexy Mads Larsen, forfattar av bøkene «Pornopung» og «Lesbisk Nigger» meiner saka er enkel: Tittelen på hans siste utgjeving gjenspeglar innhaldet i boka der hovudpersonen er både lesbisk og neger, difor tittelen «Lesbisk Nigger».

- Ein kaller ikkje ei bok for «Jødepikk», berre for å få folk til å lese det ein har skrive. Titlar på bøker som dei du har nemnt («Frognerfitte», «Bitterfitte», red.) og mi eiga provoserer folk berre fordi desse skildrar sex og seksualitet, og fordi folk har eit skrudd forhold til sin eigen seksualitet, meiner forfattaren.

- Enkelte påstår at nokre forfattarar vel slike titlar berre for å skape oppstuss over eigne bøker. Kva tenkjer du om det?

- Ja da, vi forfattarar brukar gladeleg tre-fire år av våre liv på å skrive ei bok uten innhald for så å slengje på ein tittel som «Lesbisk Nigger» berre for å skape oppstuss, tru gjerne det om du vil, svarar han tørt.

- Her i landet blir ein meir provosert av å sjå ein erigert penis enn ei avretting. Og det er heilt sjukt, legg han til og held fram:

- Kva er sexy med bøker? «Jødepikk» er ikkje sexy, «Frognerfitter» er sexy, meiner Mads Larsen.

- Nettopp difor er desse bøkene viktige, fordi dei er med på å fjerne tabu rundt seksualiteten. Slik blir dei viktige bidrag til litteraturen.

- Kva blir tittelen på di neste bok?

- «Den rette kula». Ho kjem i haust, seier Larsen.

Men kven den rette kula er retta mot, vil forfattaren ikkje røpe sidan det er sju månader til boka i det heile tatt er ferdig. Og sidan dette er ei bok som verken handlar om sex eller seksualitet, er det sjølvsagt ikkje føremålstenleg å bruke ein tittel som speglar sex denne gongen, for Mads Larsen.

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus