Meny

Må bli i fangenskap eller forlate landet

Den omstridde forfattaren Taslima Nasrin sit innesperra på ein ukjend stad i Dehli, vakta av indiske styresmakter. Einaste kontakt ho har med verda utanfor er ein laptop og eit tv-apparat. (Foto: Reuters/Scanpix)

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det er vilkåra til eksilforfattar Taslima Nasrin, som sit i husarrest i India, skulda for å ha fornærma islam.
Dette er saka:

* Forfattar Taslima Nasrin har blitt massivt kritisert av ulike muslimske grupper det siste halve året etter utgjevinga av sjølvbiografien «Dwi-Khandita».

 

* I boka kommenterer Nasrin blant anna forholda profeten Muhammed hadde til alle konene sine (over ti i talet). Etter protestar frå muslimar blei boka tilbakekallen og dei aktuelle passasjane fjerna, men Nasrin måtte likevel flykte frå heimen sin i Calcutta i november, etter ein valdeleg aksjon blant muslimar som protesterte mot den «anti-islamske» boka.

 

* Sidan den gong har forfattaren blitt halden skjult i Dehli, vakta av indiske styresmakter, utan høve til å ta imot gjester eller gå utandørs.

Indiske styresmakter seier det er nødvendig å halde den bangladeshiske forfattaren Taslima Nasrin innesperra, for om ho går utandørs vil det føre til valdelege opprør i den muslimske befolkninga.

Det har i praksis ført til at Nasrin har blitt halden i husarrest i Dehli sidan november i fjor.

No seier indiske styresmakter at Taslima Nasrin vil få lov til å bli - men berre om ho held seg inne i den hemmelege leilegheita som blir vakta av myndigheitene, utan høve til å ta imot gjester eller bevege seg utandørs.

Det indiske utanriksministeriet rettferdiggjer tilhøva Nasrin lever under med at ho som «gjest» ikkje burde foreta seg noko som kan «såre kjenslene til dei mange samfunna som til saman utgjer vår fleirkulturelle og multietniske nasjon».

«Fange utan rettar»

I ein e-post sendt til The Guardian torsdag, avviser Nasrin indiske styresmakter si skildring av ho som «gjest», og understreker at ho har vore innbyggjar i landet sidan 2004.

«Den indiske grunnlova legg vekt på dekomkrati, sekularisering, menneskerettar og ytringsfridom, nøyaktig det eg har kjempa for», seier forfattaren i ein e-post til Guardian. «Eg trur denne åtvaringa går imot ytringsfridomen, som er ein essensiell del av eit demokrati.»

Nasrin karakteriserer seg sjølv som ein «fange utan fangerettar».

- Eg får mat og medisinar levert til meg. Det er fengselsmat. Eg vil ha rettane til ein fange. La meg få besøkstider.

Advokatar diskuterer om ein slik husarrest er tillatt i indisk lov. Høgsterettsadvokat Indira Jaisingh seier at styresmaktene sannsynlegvis har brukt ein utlendingelov frå 1946 for å innskrenke forfattarens handlefridom.

- Eg er nesten sikker på at det er ulovleg, og kan bli utfordra i retten. Lova er vanlegvis brukt mot kriminelle som er ettersøkt av politiet. Her har det blitt brukt førebyggjande, utan at det står i rimeleg forhold til saka. Grunnlova garanterer fridom for alle som er på indisk jord.

Den britiske forfattaren Hari Kunzru har vore i regelmessig kontakt med Nasrin dei seinaste månadene.

- Ho er ikkje i umiddelbar livsfare, men det ser ut til å vere manglande politisk vilje til å gjere noko med situasjonen hennar.

- Tortur

Kunzru har lite tru på at situasjonen hennar vil endre seg i vesentleg grad i næraste framtid.

- Om ikkje nokon blant indiske styresmakter er førebudd på å ta ein politisk risiko, og reise seg og seie at ho burde bli forsvart, vil dette kunne pågå på ubestemt tid. Og heilt ærleg, har eg ikkje særleg håp til at nokon vil gjere dette.

- Ho er ei sterk kvinne som har levd lenge med truslar om vald hengjande over seg, så det er ho vand med. Men ubestemt husarrest er ei form for tortur.

I førre veke annonserte framståande kulturpersonar i India ein kampanje for å hindre at Nasrin blir utvist frå landet, der dei hevda at det var den indiske staten si plikt å verne om ytringsfridomen.

Relaterte saker:

Støttekampanje til islamkritisk forfattar

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus