Dette måleriet er eit falskneri

Foto: Wallraf-Richartz-Museum /Scanpix
Foto: Wallraf-Richartz-Museum /Scanpix
 
Artikkelen fortsetter under annonsen

I over femti år har eit tysk museum stilt ut eit måleri dei trudde var ein ekte Monet, men som viser seg å vere falskt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eit museum i Köln har oppdaga at eit av måleria deira, som dei hittil hadde trudd var målt av den franske impresjonisten Claude Monet, er eit falskneri, melder AP.

Måleriet, som ein trudde var Monets «La Seine a Port Villez», blei avslørt som falskt då ein restauratørar skulle gjere det klart til ei utstilling, opplys Stefan Swertz frå Wallraf-Richartz-museet i Köln.

- Vi ler og grin på same tid, seier han.

Det skal lenge ha vore tvil om opphavet til måleriet, som museet fekk i eige i 1954.

Men trass i at måleriet no er avslørt som falskt, skal det framleis bli utstilt på museet, seier Swertz.

Museet skal bruke måleriet til å vise korleis moderne teknologi kan avsløre falskneri.