Beatles-leilegheit til sals

Toppleillegheita i denne bygninga i Green Street, Mayfair, London, leigde the Beatles på sekstitalet. (Foto: PA Wire/PA Photos/Scanpix)
Toppleillegheita i denne bygninga i Green Street, Mayfair, London, leigde the Beatles på sekstitalet. (Foto: PA Wire/PA Photos/Scanpix) 
Artikkelen fortsetter under annonsen

No har du høve til å bu i same leilegheit som dei fire Beatles-medlemma delte på sekstitalet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Har du 1,7 millionar pund (19,2 millionar norske krorner) til overs kan du bli den lukkelege eigar av leilegheiten der John, Paul, George og Ringo budde hausten 1963.

Leilegheita ligg i øvste etasje i eit bustadhus i Mayfair i London, som skal vere eit av dei dyraste områda i byen. Opprinneleg hadde leilegheita tre soverom.

I dag har leilegheita blitt modernisert og har berre to soverom.

Det var Beatles-manager Brian Epstein som fann leilegheita, som skulle vere ein fristad for dei fire bandmedlemma der dei kunne få ein pause frå den skrikande fansen som forfølgde dei overalt, ifølgje BBC.

Bandet budde berre i leilegheita nokre få månader, men skal vere den einaste staden der dei budde saman alle fire.

Dagens eigar av leilegheita bur i California og har berre periodisk nytta seg av leilegheita.

- Eigaren kjenner godt til historia til leilegheita, men har ikkje gjort den om til eit Beatles-tempel eller noko i den stil, seier eigedomsmeklar Peter Bevan til BBC.

Det er auksjonshuset Sotheby’s som no har lagt leilegheita ut for sal.

Sjå annonsa her.