Manilas fattigaste kjempar mot prevensjonsforbod

Den katolske kyrkja har svært stor innflytelse på Filippinane. (Foto: Scanpix)
Den katolske kyrkja har svært stor innflytelse på Filippinane. (Foto: Scanpix)
Artikkelen fortsetter under annonsen

Hevdar streng prevensjonspolitikk fører til ulovlege, farlege abortar og auka fattigdom.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fordømminga av prevensjonsmiddel i Filippinanes hovudstad Manila har ført til ulovlege og farlege abortar, særleg blant fattige.

No har tjue av Manilas fattigaste innbyggjarar skaffa seg advoktarar for å kjempe mot ein politikk som dei hevdar hindrar dei i å få tilgang til kondomar, p-piller og andre formar for effektiv familieplanlegging, melder BBC.

Dette skal ha hatt ei øydeleggjande effekt på liva deira, hevdar dei, og ført til uønska graviditetar, auka fattigdom, og dårlegare helse.

Saka har skapt debatt på Filippinane, der det ikkje eksisterer noko form for nasjonal familieplanleggingspolitikk.

«Naturleg» familieplanlegging

Meir enn 80 prosent av innbyggjarane på Filippinane er katolikkar, og kyrkja har enorm påverknadskraft. Abort blir fordømt og president Gloria Arroyo stiller seg bak kyrkjas anti-prevensjonshaldning.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det var borgarmeistaren i Manila, Jose Atienza, ein svoren katolikk, som i 2000 sto bak politikken som no skaper kontrovers.

Han støtta «naturleg» familieplanlegging - ein lite sikker metode som går ut på at par ikkje har sex når kvinna er på sitt mest fruktbare - og kalla bruken av alternative prevensjonsmiddel for «ein veldig, veldig destruktiv praksis som øydelegg filippinske familieverdiar».

Vil ikkje sterilisere

Kondomar og p-piller, som fram til då hadde vore gratis, forsvann frå dei lokale helsesentra. Sjukehus ville ikkje lenger utføre steriliseringar og mange helsearbeidarar slutta å informere om prevensjonsbruk.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Advokatane til protestgruppa, hevdar at den ikkje-eksisterande prevensjonspolitikken er til «alvorleg skade» for innbyggjarane. Dei meiner politikken har råka dei fattigaste innbyggjarane hardast, som får fleire barn enn dei har råd til å brødfø.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Politikken fører etter deira meinig også til at kvinner blir meir utsette for vald frå ektemenn som nektar å avstå frå sex, og til fleire ulovlege og farlege abortar.

Vinn protestgruppa fram i retten, vil dei mest sannsynleg bli takka av ein stille majoritet, seier professor i antropologi ved Universitetet i Manila, Michael Tan, til BBC, og viser til undersøkingar som slår fast at dei aller fleste av innbyggjarane på Filippinane ønskjer tilgang til prevensjon.