Aboriginane får oppreising

Aboriginane får oppreising
Aboriginane får oppreising
Artikkelen fortsetter under annonsen

Titusenvis av aboriginarar blei teken frå foreldra sine mellom 1910 og 1970. I morgon ber Australias regjering urbefolkninga om orsaking for første gong.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Onsdag vil statsminister Kevind Rudd og Australias regjering be urbefolkninga om orsaking for korleis dei blei behandla gjennom store delar av 1900-talet.

- Det har tatt 41 parlamentsperiodar å kome hit. Vi kan vere litt treige innimellom, men vi kom dit. I dag byrja vi med eit lite skritt til å ordne opp i feila frå fortida, uttalte statsministeren tirsdag, under ein seremoni som markerte starten på ein ny parlamentsperiode For første gong skjedde dette med ei seremoniell feiring utført av eldre aboriginarar.

Rudd, som vann det australske valet i november, hadde som eit houvudpunkt i valkampen at regjeringa endeleg skulle be aboriginarane om orsaking. I i 1997 slo ein rapport av Australias menneskerettskommisjon fast at så mange som eitt av tre aboriginerbarn kan ha blitt fjerna frå familiane sine mellom 1910 og 1970, og oppmoda regjeringa til å ta ansvar for handlingane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Australias tidlegare statsminister, den meir konservative John Howard, nekta å kome med ei offisiell orsaking fordi han meinte at nolevande generasjoner «ikkje burde bli haldne ansvarlege for handlingane til tidlegare regjeringar.»

Lola Edwards er eitt av barna frå den såkalla «stolne generasjonen». Ho er fødd i 1947, og blei tatt frå mora fire år gammal. I elleve år budde ho på læreanstalten Bimbadeen Bible College for jenter i byen Cootamundra. Andre aborginerbarn blei oppfostra av kvite familiar, eller plassert på anstaltar i utkanstrøk der livet var hardt og seksuelt misbrukt utbreidt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Då Lola Edwards var 16 år gammal blei ho utplassert som hushjelp på ein avsidesliggjande kveghandel der ho – ifølgje eigne ord - blei utsatt for «stygge ting».

Ho gifta seg med ein amerikanar og flytta til USA. Edwards fortel til Reuters at ho aldri gjorde noko forsøk på å finne foreldra etter åra på læreanstalten, fordi ho var totalt hjernevaska. Men etter 12 år fekk ho ein telefon frå systera Oomera, som spurde om ho ikkje ville kome til Australia og møte att mor si.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gjenforeininga med mora blei så sterk at Lola Edwards bestemte seg for å flytte tilbake til Australia, for å lære meir om kulturen ho ein gong var ein del av.

Australias 460 0000 aboriginerane utgjer to prosent av ein befolkning på 20 millionar, og er australias mest utsatte folkegruppe. Mange lever i forhold som liknar dei i den tredje verden.

Aboriginarane har ei forventa levetid som er 17 år kortare enn for kvite australiarar. Dei toppar også statistikken for arbeidsløyse, kriminalitet, alkohol- og narkotikamisbruk og vald i heimen.