McCartney og Mills klare for millionrettssak

Eks-modell Heather Mills og eks-beatle Paul McCartney i lukkelegare dagar. I dag møtes dei to i retten for å krangle om pengar og samværsrett til dottera. (Foto: Scanpix)
Eks-modell Heather Mills og eks-beatle Paul McCartney i lukkelegare dagar. I dag møtes dei to i retten for å krangle om pengar og samværsrett til dottera. (Foto: Scanpix)
Artikkelen fortsetter under annonsen

I dag møtes Paul McCartney og Heather Mills i Londons Høgsterett.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Brotet mellom det tidlegare ekteparet McCartney/Mills blir av britiske tabloidaviser kalla «hundreårets skilsmisse».

Ifølgje BBC skal Paul McCartney vere god for over 800 millioner pund, om lag åtte milliardar kroner.

Avisen The Sun skriv at Heather Mills krev minst 80 millionar pund, medan Paul McCartney berre er villig til å gi ho ti millionar pund.

To hus og to barnevakter

Vidare skal Mills krevje to hus, det eine i USA, samt ein sekretær, ein personleg trenar, 24-timars livvakt og to barnevakter på fulltid som skal sjå etter deira fire år gamle dotter Beatrice.

Avisa The Mirror skriv derimot at Heather Mills skal ha ringt til eks-mannen heile helga og trygla om forlik, fordi ho er redd for å bli hengt ut i rettssaken.

BBC har rådført seg med ein ekspert i skilsmissesaker, som på bakgrunn av liknande oppgjer har rekna ut at Heather Mills mest sannsynleg får eit beløp mellom 50 og 100 millionar pund.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Heather Mills sak blir av andre vurdert til ikkje å vere så sterk, fordi ekteskapet mellom dei to ikkje var langvarig og fordi størstedelen av McCartneys formue blei opptent i åra som Beatles-stjerne, før dei to møttes.

Rettssaka er venta å vare i fem dagar. Den er lukka, og vil i tillegg til formuen også ta stilling til kven som skal få foreldreretten til dottera deira.

Representerer seg sjølv

Heather Mills skal representere seg sjølv under rettsaka, noko som inneber at ho på eige hand skal avhøyre Paul McCartney. Årsaka til dette skal ifølgje Times Online vere at Mills har kome i krangel med sin tidlegare advokat, som ho skuldar 20 millionar norske kroner.

Paul McCartney gifta seg med Heather Mills i 2002, fire år etter at kona Linda døydde av brystkreft. I 2006 tok kjærleiken slutt og paret skilte lag.