Støttekampanje til islam-kritisk forfattar

Forfattaren Taslima Nasrin blir eskortert ut av av indisk politi etter at ho blei angripen av sinte muslimske demonstrantar i India i august i fjor. (Foto: AP Photo/Mahesh Kumar/Scanpix)
Forfattaren Taslima Nasrin blir eskortert ut av av indisk politi etter at ho blei angripen av sinte muslimske demonstrantar i India i august i fjor. (Foto: AP Photo/Mahesh Kumar/Scanpix)
 
Artikkelen fortsetter under annonsen

Arundhati Roy leiar støttekampanjen for Taslima Nasrin, som blir skulda for å fornærme islam.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den bangladeshiske forfattaren Taslima Nasrin har blitt halden i husarrest i Dehli sidan november i fjor.

I går annonserte framståande kulturpersonar i India ein kampanje for å hindre at forfattaren blir utvist frå landet, skriv The Guardian.

Angrep på ytringsfridomen

Arundhati Roy, som vann Booker-prisen for suksessromanen «Guden for små ting», har skrive eit ope brev der eit titals offentlege personar støttar Nasrin og krev at ho skal få opphaldstillatelse eller indisk statsborgarskap. Roy seier ho er forskrekka over at India framstiller seg sjølv som eit moderne demokrati, samstundes som det foregår samordna angrep på ytringsfridomen.

«Vi ønskjer å verne om ytringsfridomen som ein hjørnestein i demokratiet,» seier Roy. «Vi er ikkje nødvendigvis einige med alt [Nasrin] har skrive. Men i eit demokrati bør vi forsvare retten hennar til å seie det. For augneblinken arrangerer Dehli World Book Fair, men vi fengslar forfattarar. Det er bisart.»

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Nasrin har budd i India sidan 2000. Etter at sjølvbiografien hennar «Dwi-Khandita» kom ut har ho vore utsett for krasse angrep frå muslimsk hald. I boka kommenterer forfattaren forholdet profeten Muhammed hadde til alle konene sine. Ho hevdar også at Koranen åtvarar mot å inngå vennskap med ikkje-muslimar.

Boka blei tilbakekalla og dei støtande passasjane sensurerte, men muslimar seier at kopiar framleis er i sirkulasjon, og protestane har halde fram.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Husarrest

Etter opprør i Calcutta, der forfattaren budde, blei ho difor tatt i tryggjande forvaring i november.

Sidan då har ho i realiteten blitt halden i husarrest på ein ukjend stad i Dehli, utan høve til å møte nokon.

Nasrin blir sett på som eit problem av den indiske regjeringa i eit val-år der dei muslimske stemmene er avgjerande.

Førre månad takka indiske styresmakter nei til Frankrikes tilbod om å gi Nasrin Simone de Beauvoirs litterære pris i Dehli, under eit besøk av den franske presidenten Nicolas Sakozy.

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Det indiske utanriksministeriet sa eg kunne reise til Frankrike for å hente prisen, men eg er redd dei ikkje vil sleppe meg inn i landet igjen,» seier Nasrin til The Guardian på telefon frå Dehli.

Utanriksministeriet har uttalt at grunnlova berre gjeld for indiske statsborgarar, og ikkje for Nasrin, fordi ho berre er «gjest» i landet.

Risikerer dødsstraff

Taslima Nasrin har tidlegare uttalt at islam undertrykkjer kvinner og andre religiøse grupper.

I 1994 måtte Nasrin flykte frå Bangladesh etter at ein domstol sa at ho «forsetteleg og ondsinna» hadde såra muslimars religiøse kjensler med romanen «Lajja» («Skam»).

Tusenvis av muslimar protesterte og krevde at Nasrin skulle bli avretta for blasfemi.

Nokre månader etter det blei det sendt ut ein fatwa, der Nasrin blei dømt til døden, og forfattaren måtte flykte til Sverige, før ho flytta til India.

Nasrin har uttrykt overrasking over at ho blir forfølgt i India på same måte som i Bangladesh:

«Ei utvising i dag, så ei bannlysing i morgon. Og etter det? Ei avretting? Alt eg vil er å leve fredeleg i dette landet. Eg har ingen andre stader å gå», uttalar forfattaren.