Tett inntil Can

Mustafa Can (Foto: Damm.no)
Mustafa Can (Foto: Damm.no)
Artikkelen fortsetter under annonsen

Prisvinnaren Mustafa Can tek lesaren med til mora sitt dødsleie. Sjølv har han ikkje lenger dårleg samvit.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Fakta:

Mustafa Can innvandra frå Kurdistan (syd-aust i Tyrkia) til Sverige på 70-talet som femåring, saman med far, mor og søsken. Han vaks opp utanfor Stockholm. Han er i dag svensk journalist, og vart i 2002 tildelt "Stora Journalistpriset 2002" som "Årets berettäre". I 2006 fekk han "Publicistklubbens Guldpennan", og i 2006 "Årets hedersskarsborgare". "Tett inntil dagene" er hans fyrste bok.

Historia om Mustafa Can er forteljinga om innvandrarguten frå Kurdistan som til dei grader lukkast med å bli integrert i det nye heimlandet sitt. I dag har han vunne prisar for arbeidet sitt som journalist i Sverige. Han er busett i verdsmetropolen Stockholm, og han er ein av programleiarane for ei ny, stor kultur- og samfunnssatsing på SVT til våren. Her i landet er han aktuell med si fyrste bok «Tett inntil dagene».

Personleg skam

Can har tidlegare delt historia med lyttarane sine på radio. Sommaren 2003 braut sentralbordet til Svensk radio saman, etter at Mustafa Can hadde fortalt og avslutta med orda; «Mor, eg elskar deg». Etter det kom boka, som sidan ho kom ut i Sverige i 2006 allereie er trykt i heile sju opplag. Boka er ei svært personleg historie om Mustafa sjølv, mor hans som ligg for døden og familien si sorg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Nei, eg har ikkje dårleg samvit. Ikkje no lenger.

Eg sit overfor den karismatiske journalisten og forfattaren på Litteraturhuset i hovudstaden. Eg har nett spurt han om skamma han kjende som ung, over å ha ei mor som var analfabet, anleis og kurdisk innvandrar.

- Det var ei tid eg skamma meg, skamma meg over alt ho ikkje visste, korleis ho kledde seg og var i forhold til andre svenske mødre. Men ikkje no lenger. Skamma eg kjende ein gong, og har skildra i boka, har dei svenske kompisane mine i ettertid berre blese av. Dei hadde dei same kjenslene som meg då dei var unge. Dei tenkte det same om sine eigne, svenske mødre. Han ler og augene glitrar når han lener seg over bordet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Klassereise med meining

Sjølv om boka tek oss med til eit vondt dødsleie, er ho òg ei ærleg kjærleikserklæring som hyllar nettopp livet. Saman med Mustafa Can ser vi mor hans kjempe dødskampen og tape, men vi kjenner også higen etter å vite meir om historia hennar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mustafa Can har brukt dei fleste litterære grep i skrivinga si, men den kjende forfattaren understreker sjølv på det sterkaste at han verken er «riksinnvandrar» eller at dette er ein ny innvandrarroman.

- Uttrykket innvandrarroman er laga for å sette litteratur i bos og forenkle valet for lesaren. «Tett inntil dagene» er ein roman om ei klassereise i eit nytt samfunn og ein ny kultur, om heimen som instutisjon og psykisk tilstand, om sju døde born og åtte som levde vidare, om konfliktar med sin eigen identitet og tilhøyrsle. Og sist, men ikkje minst er det ei forteljing om det å leve. Akkurat slik livet er, seier Can.

Litterær debattant

Eg spør kva religion han tilhøyrer - og han set seg tilbake og slår ut med hendene.

- Nei, eg trur eg er ein liten bit av alt!

Mustafa Can har ikkje følgt foreldrene sitt val av tru. Ikkje berre i livet tøyer han grenser, dette gjer han òg i litteraturen når han skriv.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I tillegg har han også sterke meiningar om kva andre skriv, og om korleis andre forfattarar markerer seg i den litterære verda.

- Her i Noreg har det ei stund vore snakk om forfattarar som bruker den nærmaste familien sin og vennene sine, i eigne historier - for så igjen å vike unna den litterære debatten som blir rundt dette i ettertid. Kva synest du om denne måten å skrive på? Spør eg han.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Ja, akkurat det same er det i Sverige. Slike mennesker irriterer eg meg over, dei ser på seg sjølv som overmennesker og leikar Gud. Fy ...

Can er intens og bruker sterke ord og uttrykk når han skildrar og fortel.

- Eg hatar kunstnarar som tillet seg sjølv å sprenge alle grenser. Eg spyr av slike! Han nærmest spyttar orda ut i forrakt.

Og han held fram: - Det er enkelte som «går over lik» for det dei kallar kunst. Dei køyrer over folk og utleverer mange for at det skal koma seg sjølv til gode. Dei bryr seg ikkje om andre sine grenser, for i kunsten er liksom alt lov. Det er berre tull, slikt toler eg ikkje. Det er... det er... jävla skitsnakk, utbryt han for å stadfeste kor lite han liker denne måten å uttrykke seg på.

Can ser oppgitt ut.

- Eg kunne aldri, aldri utnytta min eigen familie på den måten. Den instense undertonen når han fortel gjer at eg absolutt trur på Mustafa Can.

ABC Nyheter Litteratur

Litteraturanmeldelser i ABC Nyheter

ABC Nyheter Kultur