Meny

Roskilde er Noregs største festival

Regnet pøsa ned under fjorårets Roskilde-festival. Men det fæle vêret dei siste åra ser ikkje ut til å skremme publikum. (Foto: Sara Johannessen / SCANPIX)
 

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Kva er det eigentleg med nordmenn og festivalar?

Fjorårets Roskilde regna bort og likna meir på eit katastrofeområde enn ein festival. Likevel er årets sal av festivalbillettar 30 prosent betre enn på same tid i fjor.

Og det er særleg nordmenn som bidrar til det auka salet.

I 2006 var der for første gang fleire nordmenn (13.000) enn svenskar (11.000) på Roskilde. Dette er ei stigning som skaut fart i fjor, og som blir stadfesta ytterlegare av salet i år.

- Det er beint fram eit eller anna med nordmenn og festivalar. Vi veit ikkje heilt kva det er, seier Roskilde-festivalens talsmann Esben Danielsen til Politiken.dk.

Om ein reknar talet på nordmenn som deltar, så er Roskilde Noregs største festival.

Medan salet elles er godt fordelt mellom stort sett alle nordeuropeiske land, står nordmenn og danskar for halvdelen av meirsalet.

- Det er eit overraskande godt forsal. Om det berre hadde vore på nivå med i fjor, hadde det vore godt, men vi ligg endå 30 prosent foran. Eg kan ikkje forklare det, men det passar godt saman med dei mange positive e-postane vi har fått, seier Danielsen.

På førehand hadde han skrudd ned forventningane til årets billettsal, på grunn av det regnfulle fjoråret, og varsla at det godt kunne hende at Roskilde 2008 ikkje ville bli utseld.

Roskilde 2007 blei den våtaste nokon sinne. I løpet av ei veke fall det 86 millimeter nedbør, noko som var dobbelt så mykje som den rekordvåte festivalen i 1997. Også festivalen i 2004 var svært regnfull.

Men gjørmebadet ser ikkje ut til å ha skremt vekk festivaldeltakarane, og festivalen skal ha mottatt fleire positive tilbakemeldingar frå gjester som ser tilbake på fjoråret med glede.

Relaterte saker:

- Fare for drukning på Roskilde-festivalen

Singing in the rain

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus