Kvit, rik og utrygg

Sara Johnsens bok «White man» handlar om eit brotsverk på ei sydhavsøy, og er etter Johnsons eigen karakteristikk «ei bok om kjærleiken mellom mann, kvinne, kvit, svart og ein far og son hans».
Sara Johnsens bok «White man» handlar om eit brotsverk på ei sydhavsøy, og er etter Johnsons eigen karakteristikk «ei bok om kjærleiken mellom mann, kvinne, kvit, svart og ein far og son hans».

Sara Johnsen (37) har skrive ei spenningsbok om kjærleiken mellom mann og kvinne, svart og kvit – der den kvite er den med hudfarge.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Sara Johnsen:
Utdanna filmregissør. Debuterte som regissør med «Vinterkyss» i 2005, som fekk fleire internasjonale prisar og var Noregs Oscar-kandidat i 2005. «Han vet om noe hun kan prøve» var hennar debut som forfattar. «White man», hennar andre bok, blir lansert i midten av februar. (Kjelde: Gyldendal)

– Eg har forsøkt å skildre den kjensla ein kan få når ein er på ein framand stad. Når ein kjenner seg utrygg på ein heilt annan, ekstrem måte.

Sara Johnsen, mest kjend som regissør av den kritikarroste filmen «Vinterkyss» frå 2005, er klar med sin andre roman, som har fått tittelen «White man». Ei bok om ekteparet Thomas og Kathrine og deira ferie på ei tropisk øy, der det skjer eit brotsverk som viser seg å involvere fleire personar. Handlinga er farga av ein postkolonial problemstilling, ifølgje Johnsen.

Kvit og rik

– Eg hadde lyst til å skrive om det du ber med deg, i kraft av å vere rik, kvit turist i ein tidlegare kolonistat. Korleis gamle maktrelasjonar framleis eksisterer i desse landa, og korleis ein som kvit turist på ei sydhavsøy automatisk vil representere Vesten, utan å ønskje det, seier Sara Johnsen til ABC Nyheter.

Ei scene i boka handlar om korleis Thomas oppdagar at to menn tar bilde av kona hans på stranda, idet ho tar fram brystet for å amme sonen. Han blir usikker, har Kathrine bedt dei to om å ta bilde? Han spring bort for å avverge situasjonen, men får berre eit foraktfullt svar: «Slapp av, white man. Du står i vegen. Du er ikkje sjefen her.»

Sara Johnsen har sjølv erfaring med korleis der å vere den med «farge».

– Då eg var 17 flytta eg saman med foreldra mine til Botswana, der vi budde i to år. Der blei eg veldig klar over min eigen hudfarge. Eg har brukt brokkar av denne erfaringa i romanen, fortel Johnsen.

Ny film

Johnsen har også manuskriptet klart til ein ny film, «Upperdog».

Etter planen skal det setjast i gang med innspelinga til hausten. Filmen handlar om ein adoptert asiatisk logo-designer som har store problem med kvinner.

Du trivst med denne vekslinga mellom litteratur og film?

– Ja, det føles bra. Og eg føler eg har fått til det eg ville med denne boka, det har vore eit spennande prosjekt og eg er nøgd med resultatet. Det gir absolutt meirsmak, seier Sara Johnsen.

Personvernpolicy