Kinesarane gjer klar OL-smilet

Studentar plasserer bøker mellom leggane under ei trening i etikette i Beijng. Desse jentene har håp om å bli plukka ut til å bli medaljeutdelarar under OL i august. Men konkurransen er beinhard. (Foto: REUTERS/David Gray/Scanpix)<p> </p>
Studentar plasserer bøker mellom leggane under ei trening i etikette i Beijng. Desse jentene har håp om å bli plukka ut til å bli medaljeutdelarar under OL i august. Men konkurransen er beinhard. (Foto: REUTERS/David Gray/Scanpix) 

Kinesiske jenter øver på det perfekte smilet fleire timar kvar dag. Det må til for å bli medaljeutdelar under Beijing-OL.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Kina har fått ein ny hær: elegante, smilande og marsjerande på høge hælar.

16 år gamle Li Miaomiao synest at såre føter og verkjande ansiktsmusklar er ein liten pris å betale når det gir ho sjansen til å hengje medaljar rundt halsen på olympiske meistrar under Beijing-OL i august.

Ho er ei av 32 kinesiske jenter som blir trent til å bli olympiske medaljeutdelarar ved Beijing Foreign Affairs School (BFAS), ein av fleire statlege universitet som produserer jenter som tv-kamera kjem til å elske.

Når dei ikkje balanserer bøker på hovudet for å få betre haldning, studerer Li og klassekameratane hennar engelsk og japansk, etikette og og kommunikasjon. Det er viktig at dei er i stand til å kommunisere med dei utanlandske deltakarane.

Smilet

- Eg øver heime, og smiler til spegelen ein time kvar dag, fortel Li.

- Eg vil presentere smilet mitt for verda og la alle få vite at det kinesiske smilet er det varmaste.

For det er ikkje kven som helst som får høve til å utføre akkurat dette arbeidet under det komande sommar-OL.

- Jentene må vere over 1,68 høge, dei må vere slanke og ha lange leggar som tar seg bra ut i uniformen, forklarar trenaren deira Liu Yanzhi.

Men viktigast av alt er det perfekte smilet, som må vere klistra på, konstant.

- Dette er ei eineståande sjanse. Olympiaden gir desse jentene høve til å vise seg fram for heile verda, seier trenaren.

Over 800.000 kinesarar har skal ha søkt på 100.000 stillingar som frivillige. Men berre 38 får høve til å bli medaljeoverrekjarar, den mest ettertrakta jobben og målet til mange av jentene.

Spytting

Beijing har brukt milliardar på t-banar, vegar og forskjønning av byområde, noko som har ført til at heile nabolag har blitt rasert og tusenvis av innbyggjarar fortrengt frå bustadane sine.

Men det hjelper ikkje med ein vakker by når kinesarane sjølve har manerar som kan øydeleggje festen. Massive kampanjar har blitt sett i verk for å få slutt på kinesiske vanar som spytting, både innandørs og på gata, og hundrevis av frivillige har stilt opp for å gi folk ei innføring i køkultur før dei entrar bussar og banar.

Personvernpolicy