Stavanger2008:Sykler på line over torget

Artikkelen fortsetter under annonsen

Balansekunstnaren Eskil Rønningsbakken skal sykle på line 25 meter over bakken under opninga av Stavanger2008 til helga.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Fakta om Stavanger2008:

Stavanger og Sandnes kommune, samt Rogaland fylkeskommune står bak kulturhovudstads - prosjektet i Stavanger. Dei har danna det interkommunale selskapet Stavanger2008 som skal drive prosjektet og som har eit budsjett på 300 millionar kroner.

Direktør i Stavanger2008 er Mary Miller. Prosjektet har hatt stor gjennomtrekk av tilsette heilt fram til opninga og har fått ein del kritikk for manglande kommunikasjon. Mange meiner også Stavanger2008 er i ferd med å bli eit byprosjekt - og ikkje det regionale kulturprosjektet som det var tenkt å vere.

Laurdag 12 januar opnar Stavanger2008 med eit prangande show i Stavanger sentrum. Stavanger er saman med Liverpool Europeisk kulturhovudstad i 2008.

Sjekk hjemmesidene til arrangementet her.

- Det kan følast som å vere midt mellom to radiokanalar hørselsmessig, seier 28 – åringen om korleis det er å henge i lause lufta medan ein balanserer ein sykkel på ei line.

Balansekunstneren Eskil Rønningsbakken balanserte på et 10 fot høyt metallhjul på kanten av Kjerag, 1000 meter over Lysefjorden i Rogaland i oktober. Foto: Sindre Lundvold / SCANPIXBalansekunstneren Eskil Rønningsbakken balanserte på et 10 fot høyt metallhjul på kanten av Kjerag, 1000 meter over Lysefjorden i Rogaland i oktober. Foto: Sindre Lundvold / SCANPIX

Rønningsbakken har drive med ekstrem balansekunst i 11 år, og vedgår at han framleis kjenner ei viss redsle når han står på kanten.

Bilete med rørsler

- Litt redd må ein vere, det er den beste tryggleiken ein har.
Gjennom desse åra har han blant anna sykla på line mellom to fjellplatå i Kjeragområdet. I Lysefjorden har han også balansert med eit 10 fot høgt metallhjul på ein fjellkant – med 1000 meter rett ned i fjorden.

På laurdag skal han sykle på line mellom Torgterassen og Ankerbygget i Stavanger – om lag 25 meter over bakken.
- Det handlar om å lage fine bilete med rørsler. Ein viktig del av arbeidet mitt er å gi publikum eit visuelt inntrykk, seier han og meiner fleire no oppdagar at dette er kunst – og ikkje berre galskap.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Då eg byrja for mange år sidan trudde folk eg var gal eller ein stuntmann. I dag kjenner dei meg og ser at dette er kunst. No ser Rønningsbakken fram til å vere ein del av opningsseremonien til Stavanger2008.

- Eg gler meg, Stavanger er ein av dei flottaste byane me har her i landet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Spektakulær finale

Prosjektleiar Katrine Lilleland i Stavanger2008 fortel at balansenummer til Rønningsbakken vil kome som ein stor finale etter folkeparaden, der om lag 2000 personar frå heile Rogaland skal delta.

- Rønningsbakken pleier jo å gjere slike ting utan tryggleikstiltak – men det må han ha her på grunn av folkemassen, seier ho og viser til at balansekunstnaren vil ha ei usynleg tryggleiksline.

Lilleland er stolt over paraden som etter planen skal byrje ved Byterminalen klokka 15, gå via Klubbgaten og den Blå Promenade til Vågen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Der skal kulturhovudstaden feire seg sjølv med eit langt og fargerikt show.
- Balanseringa til Rønningsbakken er med å gjere det heile litt meir spektakulært. Og det er flott å koble saman profesjonelle kunstnarar med den lokale folkeparaden, meiner Lilleland.

Opningsfesten til Stavanger2008 vert også sendt direkte på NRK1.

Les også:

- Slik blir kulturhovedstaden