Brennheit litteratur

Brennheit litteratur
Brennheit litteratur
Artikkelen fortsetter under annonsen

Unge, lovande herremenn frontar unikt forlag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I ei pressemelding frå forlagshuset Cappelen - Damm, kunngjer konsernsjef Tom Harald Jenssen skipinga av eit heilt nytt forlag og konsept; Flamme Forlag.

Konsernet har i samarbeid med Nils-Øyvind Haagensen (f.1971) og Bendik Wold (f.1979) skipa forlaget, og disse to vert ansatt som redaktørar i forlaget allereie frå og med 1. april i år. Haagensen er forfattar og journalist i Klassekampen og Wold er bokredaktør same stad. Saman gjendikta dei eit utval av Dan Turèlls poesi til norsk i fjor haust, med tittelen «Drit i døden, her er Dan Turèll».

- Flamme vil ikkje likne noko anna i norsk bokbransje, seier Jenssen i pressemeldinga. - Vi er stolte over å kunne innlemme et så unikt forlagskonsept i storfamilien vår. Og han held fram: - Haagensen og Wold har energien og undergrunnsanden. Cappelen Damm har det profesjonelle produksjons- og distribusjonsapparatet. Når disse to verdene møtast, er resultatet nødt til å slå gnistrar.

Flamme Forlag si liste for utgjevingar vil kome til etter mottoet «Alle Flamme-bøker er gode, men ikke alle gode bøker er Flamme-bøker»

Det nye forlaget skal primært utgi norsk og oversatt skjønnlitteratur.