Her er bøkene du vil lese i vår

Snart vil du lese om både «Frognerfitter» og «Ladies». Her er eit utval av vårens bøker.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Jeg holdt glasset med tequila opp mot lyset og skimtet at bunnen var dekket av hvit pulver. Jeg skjønte det var amfetamin. Noen prøvde å dope meg. I dag igjen. Bånnski.

Slik byrjar ei av vårens bøker, nemleg debutant Alexia Bohwims roman «Frognerfitter», som kjem ut i slutten av januar. Boka handlar om eit venninneforhold på Oslos hardcore vestkant. Forfattaren skal ha innsidekjennskap til dopmiljøet på Frogner på 80- og 90-tallet.

Klaus Hagerup har skrive «Den statiske mannen». 60 år gamle Victor Abel, som reiser gjennom Europa som «statisk mann», men som bestemmer seg for endelig å bli synlig.

Abu Rasul, alias Matias Faldbakken, er klar med tredje og siste bok i prosjektet Skandinavisk misantropi, «Unfun- 1. kvartal 2008». Romanen handlar om kva som skjer når Dan Castellaneta (mannen som er stemmen til Homer i Simpson family) kjem til Noreg for å leggge stemme på eit nytt dataspel.

Sara Johnsen, som hadde suksess med filmen «Vinterkyss», er klar med «White man», forteljinga om eit brotsverk, og korleis og kvifor denne skjedde.

Roda Ahmed har utvilsomt skrive det som vil bli ein av vårens største snakkisar. Hennar debutroman «Forberedelsen» handlar om ei norsk-somalisk kvinne som forelskar seg i en norsk mann, og om korleis det er å kome frå Somalia og vekse opp i Noreg.

Selma Lønning Aarø er klar med ny roman denne våren, «Venstre hånd over høyre skulder». (Foto: Kari M. Hestad)Selma Lønning Aarø er klar med ny roman denne våren, «Venstre hånd over høyre skulder». (Foto: Kari M. Hestad)

Selma Lønning Aarø er klar med ein ny roman, «Venstre hånd over høyre skulder», som handlar om ein ung mann som spring ut i vegen og blir påkøyrd.

Noregs maratondronning Grete Waitz har skrive «Hvordan løpe maraton», der ho deler dei viktigaste momenta du bør ha med deg om du skal springe langt. Inkluderer eit 16 vekers treningsprogram, metodar for psykiske og fysiske førebuingar, tips om utstyr og kosthold og Grete Waitzs eigne erfaringar.

Den tidlegare Vålerenga-sjefen Kjetil Siem debuterer med bok om 11 år gamle Steinar og hans pubertale oppvakning og inntreden i vaksneverda. Tittel på boka er foreløpig ikkje klar.

Kunstmålar Ross Kolby har skrive den historiske romanen «Flammer», der handlinga er lagt til 1599. Kong Christian IV reiser frå København til Nord-Norge, overbevist om at dei seglar inn i Satans rike. Handlar om dei grusomme hekseprosessane mot samane, om jakta på det vonde, og om forboden kjærleik.

David Rothkopf er klar med «Superclass», ei bok om makt, og det faktum at makt er samla i hendene til eit lite tal menneske i verda. Boka skal lanserast over heile Europa i same tidsrom.

Mara Lees chick lit-bok «Ladies» kjem ut på norsk denne våren. (Foto: Bonniers forlag)Mara Lees chick lit-bok «Ladies» kjem ut på norsk denne våren. (Foto: Bonniers forlag)

Svenske Mara Lee er klar med «chick lit-»-boka «Ladies», som handlar om fire kvinner i tredveåra. Kunstkritikk og kunstdyrking står i sentrum for handlinga, som kretsar kring foto, måleri, dans, litteratur og design.

Einar Økland kjem med ny essaysamling, «Kant i kant», som inneheld om lag40 tekstar, inkludert både festtalar, intervju og bestillingsverk. Det er sju år sidan hans siste utgjeving.

Jon Fosse er klar med eit nytt skodespel, «Eg er vinden», eit drama som føregår i ein tenkt båt, med tenkt handling.

Eks-skistjerna Gudmund Skjeldal kjem med boka «Fallande snø». Boka tar for seg klimaangst, og Skjeldal kritiserer kva styresmakter lovar og kva dei gjer og ikkje gjer.

Kjetil Try kjem med krimboka «La de små barn komme til meg», ein politiroman om folk som forsvinn.

Stephen Walton, professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, kjem med boka «Skaff deg eit liv! Om biografi», der han drøftar sjangeren med kritisk blikk.

Reidar Storaas «Tonediktaren Geirr Tveitt» har i år 100 års jubileum saman med Olav H. Hauge, og Storaas' biografi om Tveitt tek for seg ein komponist som var kontroversiell og på mange vis og særs stor i utlandet.

Levi Henriksen har skrive roman om eit landpostbod. (Foto: Janerik Henriksson / SCANPIX)Levi Henriksen har skrive roman om eit landpostbod. (Foto: Janerik Henriksson / SCANPIX)

Levi Henriksen er klar med romanen «Like østenfor regnet», som handlar om karrieremannen Simon Smidesang som finn ut at han skal flytte til heimbygda til besteforeldra og bli postmann.

Simon Stranger er klar med «Mnem», Strangers andre roman etter den kritikerroste debuten «Den veven av hendelser vi kaller verden». Boka handlar om ein fiktiv by ein stad i Europa, grunnlagd som en utopi, men noko gjekk gale.

Hedda H. Robertsen debuterer med «Skutt i filler av Mads Mikkelsen», ein erotisk roman om 19 år gamle Alba som jobbar i ein bokhandel. Ho forelskar seg i ein kunde som blir kjelde for hennar erotiske draumar.

Engelske Matt Haig kjem for første gong på norsk med «Det går så bra så», som handlar om labradoren Prince,som har inngått ei heilag pakt der han sverjer på å verne om menneskefamilien sin. Brad Pitts filmselskap har alt kjøpt filmrettane.

Leif Henriksen skreiv ein av vinnarane av Gyldendals romankonkurranse om den beste politiske roman, «Fjorten dager i Nordsjøen», som kjem denne våren.

Sharon Boltons thrillerdebut «De utvalgte» skal vere hovudbok i Bokklubben krim og spenning. Handlar om den unge fødselslegen Tora som flytter til Shetland med ektemannen. Ein dag finn ho eit nedgravd kvinnelik i hagen, der kroppen er merka med runeliknande symbol. Stikkord er mord, løyndommar og og okkulte riter frå vikingtida.

Sør-afrikanske Deon Meyer kjem med si andre bok på norsk, «Jegerens hjerte». Eks-leigesoldaten Tiny hamnar i trøbbel då han blir kontakta av den desperate dotterat til ein gammal venn, som fortel at far hennar er kidnappa. Etter kvart innser Tiny at han er involvert i noko langt større enn ei simpel kidnapping.

Minette Walters har skrive «Kameleonens skygge»,

Den svenske tv-kjendisen og krimforfattaraen Camilla Läckberg er klar med ny bok på norsk denne våren. (Foto: Berit Roald / SCANPIX)Den svenske tv-kjendisen og krimforfattaraen Camilla Läckberg er klar med ny bok på norsk denne våren. (Foto: Berit Roald / SCANPIX)

som handlar om ein løytnant som kjem heim frå Irak med alvorlege hovudskader.

Svenske Johan Theorin har skrive krimromanen«Skumringstimen», som handlar om ein liten gut som forsvinn på Öland ein sommardag på 70-talet. Boka vann debutantpris i Sverige for beste krim.

Isabel Allende har skrive sine memoarar i «Summen av dagene».

Dave Eggers er klar med romanen «Hva er dette hva». Boka handlar om ein sudansk gut som kjem vekk frå familien og startar ein lang marsj mot Etiopia, saman med andre foreldrelause barn.

Torgny Lindgren er klar på norsk med «Dorés bibel», som handlar om ein eldre, eksentrisk herre som verken kan lese eller skrive, men som blir bedt om å lage ei bok utan tekst, berre bilde på bilde.

Vinnar av Nordisk Råds litteraturpris, svenske Sara Stridsberg, er endeleg klar på norsk med romanen «Drømmefakultetet», som handlar om det dramatiske livet til feministen Valerie Solanas.

Ny Henning Mankell-krim er klar på norsk, «Kineseren». Det har skjedd ein massakre i den vesle byen Hesjövallen. Dommar Birgitta Roslin oppdagar at ho er i slekt med alle dei atten ofra.

Camilla Läckberg har skrive politiromanen «Tyskerungen». Erica finn ein gammal krigsmedalje i ei kiste på loftet saman med ein blodig barnegenser.

Den britiske suksessforfattaren Nick Hornby kjem med «Slam», som handlar om ein tenåringsgut som uventa blir pappa.

Mario Vargas Llosas er klar med «Tante Julia og han som skriver». Boka skal vere laust basert på forfattarens eige liv. Llosa gifta seg nemleg med ei dobbelt så gammal kvinne, som var dem fråskilde kona til onkelen hans.

Nobelprisvinnar J.M. Coetzee har skrive «Et dårlig år», som handlar om ein 70 år gammal forfattar som ikkje lenger orkar å skrive.

Personvernpolicy