Kritiserer den moderne forfattarrolla:- Ned på gølvet, forfattarar!

Ari Behn er ein av dei unge forfattarane som blir råka av Per Bjørnar Grandes kritikk, fordi han ikkje har jobba nok «på gølvet». Foto Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX
Ari Behn er ein av dei unge forfattarane som blir råka av Per Bjørnar Grandes kritikk, fordi han ikkje har jobba nok «på gølvet». Foto Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX
 
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Forfattarar bør ha vanlege yrke for å skrive godt og må slutte å sjå ned på A 4-mennesket, meiner førstelektor Per Bjørnar Grande.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Per Bjørnar Grande, førstelektor ved Høgskolen i Bergen, går i ein kronikk i dagens BT ut mot ideen om heiltidsforfattaren. Normen i dag er at forfattaryrket skal vere på linje med eitkvart anna yrke, ei haldning som ifølgje Grande fører til det han kallar «uvesentlig litteratur».

- Eg trur at visst du er heiltidsforfattar, og berre sit for deg sjølv langt unna verkelegheita til menneska, så blir du ingen god forfattar, seier Per Bjørnar Grande til ABC Nyheter.

«På gølvet»

I dagens kronikk i BT skriv Grande blant anna:

Idealet av forfatteren som leverer sine velfriserte manus annethvert år, fra han er 25 til 75, er kongeveien til uvesentlig litteratur.

Dersom forfattere, periodevis, hadde jobbet i skolen, i avisredaksjonene, i oljeindustrien, på gølvet etc, ville man jo både tjent penger, fått unik innsikt i menneskers daglige strev og med hell kvittet seg med en god del egoistiske og livsudugelige forfattermyter. Samtidig ville bokmarkedet blitt strammere og bedre.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det hadde vært mye bedre om forfatterne hadde hatt vanlige yrker, i det minste tidvis yrkesmessig erfaring, og så levert manus til forlagene i de periodene når man virkelig har funnet noe vesentlig å skrive om – og så holde kjeft og leve som andre i de periodene man ikke har noe presserende å fortelle.

- Det er ein fordel for forfattarane å ha så mykje kontakt med samfunnet som mogleg. For Dag Solstad, som er over seksti år, er det sikkert ein fordel å vere heiltidsforfattar, men å starte som det i 25 årsalderen, blir gale, seier Grande til ABC Nyheter.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Forfattar Morten Øen har i dag gått ut og åtvara mot at heiltidsforfattaren er iferd med å forsvinne. Det meiner førstelektor Per Bjørnar Grande berre er ein fordel. (Foto: Sara Johannessen / SCANPIX)Forfattar Morten Øen har i dag gått ut og åtvara mot at heiltidsforfattaren er iferd med å forsvinne. Det meiner førstelektor Per Bjørnar Grande berre er ein fordel. (Foto: Sara Johannessen / SCANPIX)

Forsvarar fulltidsforfattaren

- På mange måtar har Grande rett. Men han tar også heilt feil, er forfattar Morten Øens svar på litteraturlektorens påstander. Han har sjølv gått ut i NRK i dag og forsvart heiltidsforfattaren, ei rolle han meiner står i fare for å forsvinne på grunn av manglande inntektsgrunnlag.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det å skrive bøker, om det er poesi eller prosa, det handlar ikkje berre om å fortelje ei god historie. Ein skal også ha eit kvalitetssikra språk. Ein kan samanlikne det med å bli verdsmeister i 100-meter, ein er nøydd til å trene. Ein forfattar som blir fråteken moglegheita å vere i jamn skrivestrøm, vil oppleve eit dramatisk fall i kvalitet, meiner Morten Øen.

Ser ned på «vanlege folk»

Etter Per Bjørnar Grandes meining er det i dagens Noreg enkelt å bli heiltidsforfattar:

- Det lett å vere forfattar på fulltid på grunn av gode stipendordningar. Og det er ikkje dei eg vil til livs. Det er den romantiske forfattarhaldninga om å «stå over» andre menneske eg ikkje ser nytta av, seier han til ABC Nyheter.

- Ideen om at forfattaren ikkje treng å leve under dei same vilkår som oss andre, og ser ned på andre menneske fordi dei lever åtte til fire-liv, den er veldig øydeleggjande for litteraturen.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

I dagens kronikk viser Per Bjørnar Grande til Franz Kafka, som arbeidde i forsikringsselskap mesteparten av sitt vaksne liv, og til Knut Hamsuns mange strøjobbar i ungdomstida, som gav han verdifull innsikt i menneskenes indre sjeleliv - ei innsikt dagens unge forfattarar etter Grandes meining vil miste om dei blir heiltidsforfattarar frå 25 års alder.

Det er ikkje forfattar Morten Øen einig i.

-Nivået på litteraturen i dag er så høg at ein ikkje har nubbesjans om ein ikkje gjer det på heiltid, hevdar han.

Likevel held han med Per Bjørnar Grande i at ein forfattar som berre stengjer seg inne i skrivestova må bli ein dårleg forfattar:

- Det er klart, om ein ikkje har noko å fortelje om, så hjelper det ikkje at ein har eit godt språk. Eg held med Grande i at ein forfattar bør oppsøkje yrkeslivet og samfunnet generelt innimellom, for å drive personleg research. Ein må oppleve noko.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kiosklitteratur

Sjølv har han tatt ei treårig helsefagleg utdanning, som inkluderte eit års praksis, der han traff alle slags typar menneske.

Men, åtvarar Morten Øen, blir språket borte, står vi igjen med kiosklitteraturen:

- Språket må haldast ved like. Ein forfattar må få høve til å skrive fleire år i strekk. Det tar tre til fem år å skrive ein skikkeleg roman, hevdar han.