Meny

Streik kan stanse årets Golden Globe

Streiken til manusforfattarane held fram på andre månaden og har store konsekvensar for film- og TV-industrien i Hollywood. Bildet er frå ein demonstrasjon tidlegare i år. (Foto: Scanpix/AP)
Streiken til manusforfattarane held fram på andre månaden og har store konsekvensar for film- og TV-industrien i Hollywood. Bildet er frå ein demonstrasjon tidlegare i år. (Foto: Scanpix/AP)

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Streikande manusforfattarar i Hollywood trugar med å gå til aksjon under årets prisutdeling.

Arrangørane av filmprisen The Golden Globe er i ferd med å få panikk, melder AP. Prisfesten, som etter planen skal gå føre seg på Beverly Hilton Hotel i Los Angeles 13. januar, står no i fare for å bli lamma av dei streikande tekstforfattarane i Hollywood.

Golden Globe-prisane blir delt ut av Hollywoods utanlandske filmjournalistar. Ofte kan vinnarane av denne prisen gje ein peikepinn om kven som også vil vinne årets Oscars.

Formannen for filmjournalistane, Jorge Camera, forsikra like før jul at avviklinga av årets prisfest var sikra.

Men det var ikkje dei 10.000 streikande forfattarane einige i.

Stridens kjerne ligg i overføringa av prisfesten, som blir produsert for NBC av Dick Clark Productions, eit selskap som er råka av forfattarstreiken. No meddeler fagforeininga at dersom produksjonsselskapet overfører utdelinga, vil forfattarane blokkere festen og demonstrere utanfor.

I redsel for å bli møtt av streikande forfattarar med kamprop og store skilt rundt den den raude lauparen, har no fleire av dei nominerte skodespelarane gitt beskjed om at dei ikkje vil møte opp under utdelinga.

Utan TV-overføring og utan filmstjerner blir ikkje Golden Globe like spektakulært som det brukar å vere. NBC har likevel valt å halde fram med planlegginga, i håp om at det heile skal løyse seg.

Ifølgje New York Times skal arrangørane vere i gang med ein naudplan, der arrangementet blir gjennomført utan TV-overføring, men kan følgjast på nettet.

Sist prisfesten blei gjennomført utan TV-kamera til stades, var i 1979.

Fakta:

* Manusforfattarane i Hollywood streiker for å få rett til ein større del av inntektene av DVD-sal og spreiing av filmar og TV-seriar på Internett.

* Streiken held no på for andre månad og fører til store vanskar for film- og serieproduksjonen.

* Førre gong manusforfattarane la ned pennen var i 1988. Då varte streiken i 22 veker, forseinka TV-hausten og kosta industrien om lag 500 millionar dollar.

Les meir:

Streiken stopper storfilmer

Streik i drømmefabrikken

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus